Deltakarar i AN-debatten om menneskeskapte klimaforandringar brukar ofte vitenskaplige ord og uttrykk for å framstå vitenskaplig. For eksempel påstod ein klimaskeptikar nyleg at hypotesa om drivhusgassane sin oppvarmande effekt ennå ikkje er «… vitenskapelig verifisert. Det er derfor nå 100 % sikkert at denne effekten ikke finnes» (AN 19.9. og 3.10.-19).

Liknande «vitenskaplige» argument har blitt trykt gong etter gong i lesarinnlegg i AN dei siste åra. Kva seier vitskapsfilosofien om verifikasjon og falsifikasjon?

Vitenskapsfilosofen Karl Popper har vist at det ikkje er mulig å «vitenskaplig verifisere» noko som helst, og absolutt ikkje «100 %» slik skeptikaren skreiv. Derimot kan ein påstand (hypotese) «falsifiserast».

"Falsifisering – og ikkje «verifisering» eller «bevis» slik klimaskeptikaren misforstått har gjentatt gong etter gong - er kriteriet for vitenskap.

Dette betyr at påstanden er usann dersom han ikkje består testane han vert utsett for. Eit klassisk eksempel illustrerer dette: sjølv om vi observerer 1.000 kvite svaner, så «beviser» dette ikkje at alle svaner er kvite (svarte svaner lever i Australia).

Falsifisering – og ikkje «verifisering» eller «bevis» slik klimaskeptikaren misforstått har gjentatt gong etter gong i AN - er drivkrafta i vitenskapelig utvikling og sjølve kriteriet for vitenskap i følgje Popper. Vitenskapeleg kunnskap er foreløpig. Klimaskeptikaren publiserer sin ignorans når han skriv at så lenge ein ikkje kan «frembringe en slik verifisering» så skal hypotesa om drivhuseffekten forkastast etter vitenskaplig metode (AN 19.9.-19).

Ein påstand er truverdig – men ikkje «verifisert» eller «bevist» - dersom han har stått imot gjentatte forsøk på falsifisering. Evolusjonsteorien er eit godt døme på ein truverdig teori med overveldande vitenskaplig støtte blant biologar som arbeidar med tema, fordi teorien har overlevd omfattande forsøk på vitenskaplig falsifisering gjennom 160 år. Evolusjonsteorien kan likevel aldri «verifiserast» eller «bevisast».

Me kan ikkje utelukke at teorien om utvikling av livet på jorda ein gong i framtida vil bli falsifisert eller erstatta av ein anna teori som forklarer endå betre utvikling av nye artar (sjølv om ingenting tyder på det i dag). Som lekmann vurderer eg at påstanden om menneskeskapt klimaendring har sterk støtte blant aktive klimaforskarar. I følgje klimaforskarane kan me ikkje bruke 160 år for å forsøke falsifisere påstanden om menneskeskapt-klima-endringar. Då er det for seint.

Klimaskeptikaren eg siterte argumenterte også for at klimaforskarane har «bevisbyrden for påstanden om at klimaendringene er menneskeskapt…» (AN 23.10-17). Denne påstanden er uvitenskaplig i følge Poppers tankegang og dessutan urimeleg så lenge det er umulig å vitenskaplig «bevise» eller «verifisere» ein påstand. I tillegg er det ikkje greitt at dei som slepp potensielt skadelege kjemiske molekyl ut i naturen kan gøyme seg bak argumentet: «Ingen har verifisert at dette er skadeleg».

Tobakk-industrien nytta denne strategien - å aktivt røyklegge årsaksamanhengar - i fleire tiår for å kunne tene endå meir pengar på å øydelegge lungene til folk. Me har heller ikkje noko «bevis» på at meir CO2 ikkje medfører auka temperatur på jorda. «Bevisbyrden» som skeptikaren kallar det, ligg derfor på dei som utset oss alle for potensielt skadelege utslepp og klimaskeptikarar som forsvarer dette.