Kommunen vedtar kva som skal vere hovudmålet ved kvar grunnskole, bokmål eller nynorsk. Og dette skal ein bruke i skriftleg opplæring og i skriftlege arbeid. For dei fleste i Nord-Noreg er bokmål hovudmålet, men foreldre, elevar og studentar kan på forskjellige måtar velje nynorsk som hovudmål:

NYNORSK I BARNESKOLEN: For det første kan foreldre til minst 10 elevar på årstrinna 1-7 velje eit anna hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, og slik kan dei får ein nynorsk parallellklasse på ein bokmålsskole. Dessutan kan foreldra velje lærebøker på nynorsk i alle fag for barna sine til og med 7. årstrinnet, berre i norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på bokmål.

NYNORSK I UNGDOMSSKOLE, VGS OG UNIVERSITET:I tillegg kan elevar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen sjølv velje nynorsk som hovudmål når dei andre i klassen har bokmål. Dei får då lærebøker på nynorsk og bruker nynorsk som hovudmål og bokmål som sidemål. Og til slutt kan studentar ved høgskolar og universitet bruke nynorsk som hovudmål, det er berre å passe på å melde ifrå i god tid før eksamen.

RIKE ERFARINGAR: Det har sia 1970-talet vore nynorske parallellklassar fleire stader i Nord-Noreg, i Vefsn, Skånland, Målselv, Balsfjord og Tromsø. Fleire hundre elevar har gått på ein bokmålsskole og fått opplæringa si med nynorsk som hovudmål. Mange av desse har også fortsett med nynorsk i vidaregåande skole og i høgare utdanning. Det finst rike erfaringar for at dette har vore gode språkval.

Det er fleire gode grunnar til å velje nynorsk som hovudmål:

  • Nordnorsk er nynorsk: Nordnorsk dialekt er i vinden som aldri før. Det er ikkje i alle situasjonar vi kan bruke dialekten vår. Når ein skal velje eit skriftspråk som stør opp under dialekten, er ikkje spranget særleg langt til det nynorske skriftspråket. Dei nordnorske dialektane ligg så tett opp til nynorsk at det vil vere språkleg frigjerande å få lære seg å bruke eit så dialektnært skriftspråk.
  • Lær nynorsk og bokmål like godt: Når skoleelevar har nynorsk som hovudmål, lærer dei dette godt. Samtidig vil dei få bokmål som sidemål, og det vil vere lett å lære det også.
  • Nynorsk gir ein fordel: Dei aller fleste er gode til å skrive bokmål. Når ein i tillegg er god i nynorsk, gir det ein ekstra fordel. Tidlegare nynorskelevar fortel at dette har gitt dei positive opplevingar og oppdrag i arbeidslivet.

Dersom du ønsker nynorsk for barnet ditt, er det berre å melde ifrå til skolen. Elevar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen som vil ha nynorsk som hovudmål, kan sjølv melde ifrå til skolen. Det same gjeld studentar ved høgskolar og universitet.