Gå til sidens hovedinnhold

Utflagging av Bodø

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er ille nok at mange av oss ikkje lenger kan kjenne oss heime i Bodøs sentrum, med tårnbygga som skyt opp og gjør menneska små mot skyhøge murar. Men må næringsaktørane i tillegg ta frå oss språket? Namnevalet ”The Storm” på den siste giganten, rett og slett stole til engelsk frå praktbygga tett ved, er så pinlig at einkvar bypatriot må ynke seg i skam. Det er vel da berre logisk at den nye restauranten i ”The Storm” på ”Comfort Hotel” skal heite ”The Neighbour”. Her blir det ifølge papiravisa 14. juni ”pickuppoint” og ”wow-faktor” med ”Street Food” og ”burger, buns, bowls & rolls”. Ein tur i sentrum eller på City nord (!) og ein titt på firmanamn i avisa viser at knefallet for hegemonispråket engelsk grip om seg blant næringsaktørar.

Det kan sjå ut til at fleirtalet i bystyret heiar på tapet av byens særpreg. Dersom det same fleirtalet også meiner at Bodø skal stå fram som om det var ein by i USA eller England, er det kanskje like greit å vedta at det offisielle språket i Bodø verken er bokmål, nynorsk eller samisk, men engelsk?

Kommentarer til denne saken