Et langt, kaldt land, nesten uten menneske. Slik omtalar sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen Noreg i 1989. Lengst og kaldast og tynnast befolka er Nord-Noreg, og midt på kartet ligg Bodø. Men å ligge på midten er ikkje det same som å ligge sentralt. Bur du i byen i vinden, må du reise anten nordover til Tromsø eller sørover til Mo om du vil på teater med eigeproduserte framsyningar.

Sidan 1948 har vi derfor kosta på oss eit offentleg turneteater slik at også periferien skal få smake på finkulturen. På Stormen konserthus vil det i haust bli sett opp tre drama – alle frå turnerande ensemble. Riksteateret er eitt av desse og blei, i følgje nettsida deira, starta med det formål «...å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auka kjennskapen til god dramatisk kunst.» (Lov om Riksteatret, 1948)

Finst det ei grense for kor mykje god dramatisk kunst som skal tilfalla dei av oss som er godt vaksne og med romsleg lommebok?

Bodø er ein by med over 2000 elevar i vidaregåande skule, alle skal dei ha faget norsk og alle skal dei oppleve eit mangfald av tekstar for å utvikle seg som menneske. Riksteateret er ein partnar vi sårt treng når det kjem til god scenekunst, men framsyningane er få og nyleg fekk vi beskjed om at det heller ikkje denne gongen fanst subsidierte elevbillettar å oppdrive når Ibsens Peer Gyntblir sett opp i Stormen kommande søndag.

Då Riksteateret sist gjesta Bodø, sto Hamsun på programmet. Ikkje berre ein bauta i norskpensumet, men ein forfattar som er uløyseleg knytt til nordnorsk språk og kultur. Men det fekk ikkje elevane våre oppleve, med mindre dei hadde kjøpt billettar på eige eller foreldra sitt initiativ. Riksteateret reiste hit, spelte stykket for ein (1) full sal, og drog vidare.

Vi meiner at Riksteatret, som vårt einaste reelle nasjonale teater, bør tilby førestillingar også på dagtid når dei først er her. Vi trur det er meir enn nok interesse blant lærarar og elevar til å fylle Stormen og andre kulturhus når Riksteatret kjem på besøk.

I skolen skal vi både utdanne og danne unge menneske. Vi gjer mykje innanfor dei rammene vi har, ikkje minst gjennom eit stadig rikare arsenal av digitale ressursar. Desse ressursane er blitt ein sjølvsagt del av kvardagen. Vi skypar, strøymer og kan sjå kva som helst via skjerm. Derfor treng vi scenekunst som skjer her og no. Vi kan ikkje yte dramatikarar som Ibsen eller Beckett rettferd gjennom å lese manus eller sjå filmopptak – scenekunst blir til i møte mellom utøvande scenekunstnarar og publikum.

Dette veit alle som har vore på fotballkamp eller konsert. Teateret har ikkje same tiltrekkingskraft på ungdom. Det bør ikkje vere noko argument: Vi som er lærarar veit at mykje av det vi krev og tilbyr i skolen handlar om å opne dører til kunnskap og erfaringar som barn og unge ikkje oppsøker på eiga hand. Så óg med gode teateropplevingar!

Den kulturelle skulesekken finst, vi er takksame for besøk, men av og til treng vi å forlate skolen, gymsalen og klasserommet. Det skjer noko med sjølv den mest umotiverte elev når vi forlét dei vante omgjevnadene og dei vante rollene, enten vi besøker Jektefartsmuseet, Stormen eller Hamsunsenteret.

Riksteateret blei stifta for å auke kjennskapen til god dramatisk kunst. For oss som bor der landet er kaldt og tynt befolka, er det gjennom turnerande teater vi får sjansen til å gi elevane våre scenekunst slik teater er meint å opplevast: Her og no, med profesjonelle utøvarar i alle ledd. I Bodø er det gjennom turnerande teater at ungdommen får møte Ibsen og Hamsun som levande teaterkunst.

I Stormen kan skoleungdom dessutan prøve seg som teaterpublikum. Seinare i livet kan vi håpe dei kjøper billettar av eiga lomme eller kanskje sjølv bli inspirert til å formidle dramatisk kunst frå ei scene!

Kulturhovudstaden Bodø treng ungdom som veit at kultur skjer andre stader enn på skjerm.