Gå til sidens hovedinnhold

Smart vegsalting?

Artikkelen er over 2 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

På min 1350 km lange biltur frå Bærum til Bodø den 26.-27.jan., gjorde eg desse observasjonane:
 

Saltslaps fram til Elverum, og deretter gode og til dels tørre vintervegar gjennom Sverige fram til Naurstadhøgda. Undervegs blei det på svensk radio presentert ein entusuastisk professor som forska på mekanisk fjerning av alle typar snø, avhengig av stor eller liten trafikk. Kanskje var det denne kunnskapen som var årsaken til at det ikkje var ein saltflekk å sjå dei omlag 800 km gjennom Sverige, sjøl om det snødde undervegs? Det bør nemnast at 50 svenske kommunar er saltfrie.

Så kan ein undre seg på korfor det blei salta på tørr veg frå Naurstad til byen, når det var 7 – 8 minusgrader. Det var truleg venta snøfall, og ganske riktig: det kom 1-2 cm tørr, lett snø, som ga bilistane denne pakken:

- utrygt slapseføre, med med påfølgande ekstra rundar salting for å fjerne alle snørestar.

- ny omgang med salt puddersnø i gatene, som gjør det farleg glatt for dei fleste trafikantane.

- ny runde med salthaldig snø som blir dratt innomhus, til plage for folk og dyr.

Vegvesenet ser ut til å mangle den ekspertisen som svenskane har. Skjerve og vegvesenet kunne den 27. jan. ha stoppa saltinga, og latt vinden og trafikken fjerne dei lette snøfnugga frå vegen, slik svenskane gjør, eller eventuelt brukt plog ved større snømengde. Det ville ha vore smart, for etterpå ville vegane på kort tid ha vore bare og tørre. Så bør vegvesenet vurdere å nytte plog og børstar, slik som på flyplassane, når det trengst. Det som gir god nok friksjon for tunge fly, bør vere bra nok for biltrafikken. Ville ikkje det ha vore smart?

Det er dessverre slik at vegvesenet med saltstrategien sin utan risiko for straff kan begå miljøkriminalitet og skade privat eigedom. Dersom vegvesenet derimot hadde blitt gjort økonomisk ansvarleg for skadar på miljø og kjøretøy, trur eg saltinga hadde blitt atskillig smartare. (NB! det er på sin plass med salt når ein ventar underkjølt regn). Det er vel på tide å erklære Bodø som saltfri kommune?

Kommentarer til denne saken