I ein leiarartikkel for snart ein månad sidan kjem sjefredaktør i AN – Jan-Eirik Hanssen – med eit forsvar av flyplassplanane slik dei er i dag. På same måte som han rosar meg for engasjementet mitt, skal han ha takk for å faktisk koma med eit motsvar. Det har vore underleg stille frå politikarar og andre som er store tilhengarar av flyplassflyttinga, når det tross alt burde vore ei smal sak å feia bort forslaga mine når dei eksisterande planane visst nok er så suverene på alle måtar. Problemet er berre at han går i den same fella som alle andre ved å gjenta gamle myter, repetera slagord og unnlata å svara på dei faktiske argumenta mine.

Eg er einig i at eg gjerne burde ha kome med desse innspela tidlegare, men eg budde ikkje i Bodø då prosessen starta. Som eg har peika på tidlegare har prosessen vore svært mangelfull, der ein tidleg har konkludert med éi løysing, delvis basert på kunnskap som no er utdatert og på mangelfulle forutsetningar. Grunnen til at eg kom på banen i vår var at nervøsiteten hjå politikarane tyda på at det faktisk var ei reell opning for å justera på planane.

Vidare skriv Hanssen at forslaga mine legg opp til ei svært uheldig byutvikling. Det er ei ærleg meining, men på ingen måte ei objektiv sanning. Eg meiner naturlegvis at forslaga mine legg opp til ei betre byutvikling enn det som er planlagt, noko eg har gått nærare inn på i dei tidlegare innlegga. Ein barriere gjennom byen er sjølvsagt uheldig, men det er òg uheldig å bygga ned kystlinje med ny rullebane. Både i Noreg og Europa elles er det hamneområda som vert opna for byutvikling, sidan kontakten med sjøen gjer desse områda svært attraktive. Bodø er i ei heilt unik stilling her, der me faktisk har ei naturleg kystlinje tilgjengeleg til å utvikla byen ved. Likevel skal me altså kasta bort dette til fordel for ein utsiktslaus bydel på flata.

Det er sjølvsagt lett å argumentera mot noko når du berre trekkjer fram ulemper og ingen fordelar, og heller ikkje tek stilling til ulempene med det du forsvarer. Dette er gjennomgåande både i Hanssen sin leiarartikkel og i svara frå Ny by-prosjektleiar Irene Skiri i AN-artikkelen 16. mai. Kva meiner dei om nedbygginga av natur og verdifulle havområde? Kva meiner dei om at prosjektet vil få ein negativ klimaeffekt, til tross for at dei framstiller Ny by – ny flyplass som eit klimatiltak? Kva meiner dei om bandlegging av areal med kjempestort potensial for byutvikling? Kva meiner dei om ei slik kjempeinvestering sett i lys av ei rivande teknologisk utvikling som kan snu opp ned på lufttrafikken på få tiår?

Sjefredaktøren gjentek myta om at det uansett må byggast ny flystripe. I 2020 kom Avinor med ei ny vurdering av “nullalternativet” (å ikkje flytta flystripa), der dei blant anna basert på tilsvarande prosjekt konkluderte med at det er fullt mogleg å rusta opp dagens flystripe. Dette inkluderer rett nok avspenning av betongen og 60 cm asfalt i tre lag, men det er likevel ganske mykje mindre omfattande enn sprenging av ein million kubikkmeter åsar og meir enn 500 dekar utfylling i sjøen. Prislappen er òg noko ganske anna: éin mot sju milliardar kroner.

I det siste har det òg dukka opp eit F35-argument, og Hanssen viser til at F35 bråkar så mykje at det vart nyheitssak i Rana Blad då to fly flaug over Mo. Med ei flystripe ved kysten vil ikkje påkjenninga frå jagarflyaktivitet på flystripa verta for stor for Bodø-folket, meiner han. Kva grunnlag har han for å seia det? Den siste støyrapporten til Sintef frå 2020 legg til grunn at all jagarflytrafikk i Bodø skal vera borte i 2045. Dersom F35 skal operera på den nye flystripa, vil store delar av den nye byen hamna i raud flystøysone for jagerflya, noko som snur opp ned på forutsetningane for heile byprosjektet.

Sjefredaktøren har heilt rett i at forslaget mitt vil få dårlegare støyforhold enn det me får med dagens planar. Dette har eg skrive om i dei tidlegare innlegga, og eg meiner at desse ulempene er mindre enn Hanssen og mange andre framstiller dei som. For eksempel finst det 560 dekar areal utanføre gul flystøysone ved Hernesskagen, eit område som er større enn heile dagens sentrumskjerne. Det er uansett svært viktig å vurdera slike ulemper opp mot fordelar, noko han og dei fleste andre som forsvarer flyplassflyttinga unnlet å gjera.

Ingen er tente med å utvikla byen rundt ein “støyande Berlin-mur”, skriv Hanssen. Men ein mur kan rivast når tida er moden. Strendene, vikene og svaberga som skal ofrast under ny rullebane vert derimot tapte for all framtid.

Billedtekst: På den siste illustrasjonen frå Avinor ser det ut som at rullebanen er bygd på eksisterande fjell. Ved å samanlikna med eit by-alternativ, ser me kva som går tapt av attraktivt kystareal og verdifull sjøbotn.