Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I en annen kronikk i AN blei ein ny Barnehage- og skolebehovsplan for Bodø kommune kommentert meir generelt i forhold til skuletilbodet i bygde-Bodø. La oss sjå litt nærmare på dei konkrete sentraliseringstiltaka som behovsplanen lanserer.
Skjerstadskulane. Skjerstad kommune fekk allereie midt på 1960-talet i forsøksperioden for niårig skule etablert éin ungdomsskule lokalisert til Misvær. For elevane som kom frå barneskulane på Skjerstad og Kvikstad og i Breivik, var det då anten innlosjering i Misvær eller for dei fleste skyss, til dels lang og ikkje utan risiko, på vegen under Nupen. Endringar i sjølve organiseringa av ungdomsskulen så vel som folkeleg og forskingsbasert skepsis til innlosjering og lang skuleskyss opna på 1970-talet i Skjerstad som i mange andre distriktskommunar for ei desentralisering av ungdomsskulen. Vi fekk éin kombinert barne- og ungdomsskule på Skjerstad og éin i Misvær. Seinare blei begge desse skulane del av oppvekstsentra med barnehage. I dag er det ved skuleavdelingane 29 grunnskuleelevar på Skjerstad og 44 i Misvær – altså er begge små 1-10-skular.
Ein del skuleskyss er nødvendig, men sidan desse skulestadene ligg i kvar sin ende av fjorden, er det no ikkje snakk om særleg lange skyss-strekningar. Det var ei tid på tale å sentralisere ungdomssteget ved Skjerstad-skulen, men dette blei det ikkje noko av, mellom anna fordi etablering av skuleskyss i dette tilfelle faktisk ville ha blitt meir kostnadskrevjande enn innsparinga for kommunen ved å leggje ned ungdomssteget på Skjerstad. Då Skjerstad kommunestyre, visstnok med berre éi røysts overvekt, vedtok å slå seg saman med Bodø, var nok eit ruvande skulebudsjett i ein trong og liten kommuneøkonomi ein viktig årsak til vedtaket om kommunesamanslåinga. Faktisk tenkte eg den gongen at for ungar, foreldre og skulen på Skjerstad kunne dette kanskje vere redninga.
Begge skulane i gamle Skjerstad kommune er små, men gode skular. Då Utdanningskontoret skulle sende skulefolk frå utlandet som ville sjå korleis slike små kombinerte barne- og ungdomsskular med aldersblanda klassar verka, ja så var skulen på Skjerstad eit godt val ikkje alt for langt unna. Dei besøkande blei alltid tatt vel mot, og fekk sett interessant pedagogisk arbeid, gode læringsmiljø og ein skule som var ein integrert og viktig del av bygda. Slik Skjerstad-geografien er - eitt busettingsområde ved munningen av Misværfjorden og eitt ved botnen av fjorden, er det i dag ingen elevar som må ha særleg lang skuleskyss. At skulane på Skjerstad og i Misvær skal bli vurdert «samlokalisert» (uttrykket som administrasjonen bruka i AN-reportasjen 28.1.2022), må vel gå ut på at for éin av skulane skal ein del av eller heile skuleavdelinga leggjast ned og elevane over til det andre oppvekstsenteret. Det blir då lang skuleskyss anten det er Skjerstad- eller Misvær-elevar som skal skyssast.
Det verkar ikkje særleg strategisk om Bodø kommune planlegg å leggje ned det minste grunnskuletilbodet på Skjerstad no når Salten Smolt snart har ferdig sitt store smoltanlegg i Breivik der det reknast med opp mot tjue fast tilsette. Om ikkje folk sporenstreks flyttar frå ein stad når ein skule blir lagd ned, så er det god empiri på at unge familiar som har eller planlegg å få ungar, ikkje ønskjer å slå seg ned på stader utan skule i rimeleg avstand. I ei evaluering av ungdomsskulestrukturen i Vågan kommune[1] såg vi at denne vurderinga i høg grad galdt også for ungdomsskulesteget. Skal ein sikre stabil arbeidskraft på ein stad, må det vere barnehage- og grunnskuletilbod ikkje alt for langt unna. På det årlege driftsbudsjettet for Bodø kommune, kan det nok vere pengar å spare ved å leggje ned skulen på Skjerstad eller i Misvær, men er dette forsvarleg og god tenesteyting frå Bodø kommune? Kan slik skulesentralisering vere i tråd med Folkehelseloven? Og vil dette «løne» seg på lang sikt, sjølv i reint økonomiske termar?
Konklusjon: 1-10-skulane bør leve vidare både på Skjerstad og i Misvær. Bodø kommune har musklar til å greie det.
Saltstraumen skule. Etter at bruene over Saltstraumen og Sundstraumen kom på slutten av 1970-talet, blei skulane på Tuv, Hellevik og Knaplund slegne saman til éin kombinert barne- og ungdomsskule på Knaplundsøya. Elevar frå yttergrendene Børelv/Hogndal, Valnes/Fjell og Seines fekk då skysslengder på opp mot 20 km. Alt i alt var dette kanskje ei rimeleg sentralisering ut frå busettingsstruktur og dei kommunikasjonane som bruene no opna for. Dersom ungdomsskuleelevane frå Seines, Valnes og Børelv må skyssast til Løding, blir skysslengdene over tre mil. Det er svært mykje i ein situasjon som denne der geografi og elevgrunnlag på ingen måte gjer dette nødvendig. Med 120 elevar er Saltstraumen skule i norsk bygdesamanheng ein heilt vanleg kombinert barne-/ungdomsskule. Det er ikkje nokon som helst grunn til å uroe seg over ungdomssteget ved Saltstraumen skule. Med fornuftig gruppeinndelingar og bruk av lærarar på tvers av klassesteg, noko som sikkert blir gjort, kan ikkje denne skulen heller vere spesielt økonomisk krevjande å drive. Ofte er det nok slik at om det reint driftsøkonomisk skal «løne» seg å sentralisere ungdomssteget, må heile skulen leggjast ned. Dette blei for få år sidan dokumentert i den nemnde i Vågan-evalueringa. At reine ungdomsskular skal vere betre enn kombinerte skular pedagogisk eller på annan måte, er urimeleg og heller ikkje dokumentert.
Konklusjon: Lite økonomisk å tene på sentralisering av ungdomsskulesteget ved Saltstraumen skole, og mykje å tape for ungdomane, for Saltstraumen skule, for folk som bur i Saltstraum-bygdene, og på sikt for Bodø kommune.
Skaug oppvekstsenter. Skaug ligg sentralt i det gamle busettingsområdet på Nordsida. Mange elevar tar seg fram til skulen for eigen maskin. For dei som i dag må ha skyss, dreiar det seg om få km. Skulen vil kunne feire sine hundre år i 2027. Med sine 100 elevar er dette ingen liten barneskule. Med omsyn til drift kan nedlegging over tid heller ikkje representere store innsparingar på Bodø-budsjettet. At det skal vere bra for ungane skulefagleg eller på annan måte å kome til den større skulen på Løpsmarka, finnast det ikkje fagleg grunnlag for å hevde. Det er tilnærma uforståeleg at fagbyråkratar eller politikarar i det heile kjem på tanken om å leggje ned Skaug oppvekstsenter. Her har vi eit velfungerande bynært bygdeområde med kort veg til barnehage og skule og der oppvekstsenteret synest å vere ein samlande ressurs i miljøet. Korfor gjere denne bygda fattigare?
Konklusjon: La Skaug oppvekstsenter leve og blomstre i fred.
[1] Spredt eller samla? Utredning an ungdomsskoleestruktur i Vågan kommune. NF-rapport 3/2016.
