I Åpen linje i AN kunne tidligare rådmann i Bodø, Svein Blix på sjølve valdagen fortelle skrømt om at Rødt er borgarskapets barn og derfor leikar med Høgre-venner. Dersom Blix eigentlig er bekymra for forholdet mellom dagens rådmann og Høgres ordførar-kandidat, og det som i verste fall kan bli vennskaps-korrupsjon, bør han seie det rett ut og ikkje slå på skjekane og meine merra.

For i Blix si fortellinga om det ”borgarlige” Rødt står faktafeila i kø. Det er beviselig feil at dei fleste ”slengarar” på Rødts lister i Bodø har komme frå Høgre-folk. Da eg i sju val fikk flest slengarar, kom det store fleirtalet frå SV og Ap. Det viser offisiell statistikk. Men Rødt-folk har også fått personlige stemmar frå alle parti; det kan ha å gjøre med at Rødt ikkje lar seg diktere politisk verken av Ap eller Høgre.

Om 1960- og 70-åra gjentar Blix myten om at vi som blei revolusjonære sosialistar i SFs ungdomsorganisasjon SUF, kom frå borgarskapet. Det blir ikkje sannare av det. Som historikaren Harald Berntsen har vist i boka ”Det store friminuttet” var det først og fremst søner og døtrer av arbeidsfolk som blei revolusjonære under utdanningsrevolusjonen på denne tida. Eg kan bekrefte at dei fleste av oss hadde foreldre som stemte Ap eller NKP.