Gå til sidens hovedinnhold

SIAN burde ikkje fått sendetid på NRK

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I debatten på NRK1 torsdag 3. september 2020 var temaet den høgreradikale aksjonsgruppa Stopp Islamiseringa Av Norge, og leiaren i gruppa var til stades i studio og fekk snakka si sak. Denne saka er uttalt valdeleg mot einskildmenneske; sjølv om valden det vert oppmoda til er statleg regissert internering og deportasjon er det like fullt vald, og høgreekstreme har brukt det same tankegodset til å ta liv ved fleire høve i Noreg og i utlandet. Eg respekterar argumentet om at SIAN har tilsvarsrett når sendinga handlar om dei, men det er verdt å hugsa på at når dei høgreradikale snakkar, lyttar dei høgreekstreme.

Det eg reagerar mest på som problematisk journalistikk er spørsmåla programleiar Fredrik Solvang stiller 12 minutt og 46 sekund, og igjen på 16'40'' ut i setninga: Han ber Lars Thorsen om å namngje einskildpersonar i Noreg som han meiner må internerast eller deporterast. Dette følgjer Lars Thorsen opp med å namngje bl.a. Mulla Krekar, Bashim Ghozlan og Shoabib Sultan, Solvang følgjer opp med å nemna Lena Larsen og Hadia Tajik. Når ein nemnar einskildpersonar i same segment som ein siterar frå den motbydelege hatpropagandaen til SIAN vil det skapa ei kopling, ikkje minst blant dei høgreradikale og -ekstreme som ser på sendinga fordi dei er tilhengarar av bodskapen.

Når Lars Thorsen på oppmoding frå NRK namngjev einskildpersonar i Noreg som han meiner må kastast ut av landet, er det stor risiko for at høgreekstremistar med terrorsympatiar vil kunne få idear om desse menneska som attentatmål. Når høgreekstremisme er vår tids største terrortrugsmål er det generelt problematisk å sleppa til høgreradikalt tankegods i beste sendetid, og spesielt problematisk å oppfordra til uthenging av menneske som dei høgreradikale så kan fokusera på som fiendar.

Dette innlegget er òg sendt som klage til Kringkastingsrådet.

Kommentarer til denne saken