Noreg treng eit NVE, og ein NVE-direktør som tek det grøne skifte på alvor, og lyttar til politikarane sitt ønskje om meir fornybar kraft. Eg meiner at NVE ikkje er heilt der i dag.

Me lever i ei tid då me skal gå meir og meir over til fornybar energi, og etterspurnaden etter denne energien er sterkt aukande. EU sin klimapakke «Klar for 55» skal gjera at EU når målet om å redusera klimagassane med 55% frå 1990 til 2030. Denne klimapakka får stor innverknad på landet vårt. EU har vidare som mål å bli klimanøytrale innan 2050. Noreg er ikkje unntatt frå målsettinga, og Regjeringa har store ambisjonar om å auka produksjonen av fornybar energi monaleg fram mot 2030, og med det redusere bruken av fossil energi.

For å klara å nå desse måla må alle bidra som best dei kan. Småkraftforeninga har utarbeida eit notat som syner at me har eit potensial frå småkraftverk på ca. 17 TWh, noko som kan gi straum nok til 850 000 husstandar. Om halvparten vert realisert vil småkraftverk kan gi eit veldig verdifullt bidrag i auka fornybar energiproduksjon i dei næraste åra. Dette er lågthengande frukt som er lett å realisera om ein får løyve til å byggja ut desse vassdraga. Småkraftforeninga har i lang tid hatt kontakt med ulike miljø for å syna kor viktig det vil vera at det vert lagt til rette for meir småkraftproduksjon i tida framover, sidan dette er den produksjonen som raskast lar seg realisera.

Gleda var difor stor då Energi- og miljøkomiteen rett før pinse gav si innstilling i samband med tilleggsmeldinga til Energimeldinga. Eit stort fleirtal av medlemmene i denne komiteen kom med denne uttalen: «Stortinget ber Regjeringen vurdere tiltak for å få fortgang i konsesjonsbehandlingen av småkraftverk»

NVE fekk oss fort ned på jorda igjen då dei morgonen etter kom med si prioriteringsliste. Her peika dei raude pilane nedover for vår del. Småkraft skulle ikkje prioriterast i deira konsesjonsarbeid framover. Tru det eller ei.

Eg er samd med NVE-direktør Kjetil Lund i at det er viktig å få meir effekt inn i systemet, og her vil sjølvsagt regulerkrafta spela ei veldig viktig rolla, men også småkraft bidreg med mykje kraft inn i systemet. Eg meiner at om me skal klara å nå målsettinga vår «Klar for 55», kan me ikkje ha haldninga -enten eller, som NVE viser med deira prioriteringslista, men her må me setja alle klutar til og sei -både og. Me treng meir kraft, og enormt mange fleire kilowattimar.

Om me går inn i prioriteringslista til NVE så vil den faktisk føra til færre kilowattimar i og med at her ligg også vilkårsrevisjonar inne (her ligg miljørevisjonar av gamle storkraftverk inne). Vilkårsrevisjonar er både riktig og viktig for å betre den økologiske statusen i regulerte vassdrag, men som sagt så blir det ikkje fleire kilowattimar av det, tvert imot.

Om NVE slit med kapasiteten sin er det viktig at dei blir tilgodesett med midlar for å ta unna alle konsesjonsaker som kjem framover. Kanskje kommunane t.d. kunne ta på seg ei enno større rolla enn i dag av utbyggingar av mikro-, og minikraftverk, for å avhjelpa denne køen som er venta.

No er det viktigare enn nokon gong at ein maestro står fram med dirigentstokken og får alle krefter som jobbar for fornybar energi til å gå i takt. Berre då, og berre då vil me klara å nå måla våre om å redusera utsleppa av klimagassar. Då treng me ikkje at NVE opptrer som ein stat i staten og overser Stortingsfleirtalet si vilje.