Cecilie trodde hun hadde kjøpt 600 gram pølser, men vekta viste noe annet

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Cecilie målte vekta på kyllingpølsene. Dei viste seg å vege berre litt over halvparten av det produsenten lova på pakningen.

Cecilie Sundli frå Sande skulle kose seg med Prior Grillpølser av kylling og kalkun. I pakken var det ti pølser med 40 prosent mindre feitt.

– Eg hadde ei oppskrift der eg trengde 400 gram. Så tok eg fram vekta for å finne ut kor mykje eg trengde, for det sto 600 gram på pakken. Då enda det med at alle pølsene blei 352 gram. Då vart eg litt sett ut, seier Sundli til Firda.

Skryt av kundeservicen

Ho tenkte med ein gong at noko måtte vere feil med vekta.

– Eg tok av alt att og vog på nytt sikkert to-tre gonger. Det vart nøyaktig same vekt kvar gong, seier Sundli.

Ho seier at vekta er av god kvalitet, og i hyppig bruk sidan ho bakar mykje. Ho har dessutan kontrollert vekta på andre ting. Det var ikkje mykje vatn i pakken heller, som kunne forklare vekttapet. Ho sende difor epost til Prior der ho forklarte saka, og fekk svar med ein gong.

– Det gjekk sikkert berre ti minutt før dei svara at dette sjølvsagt ikkje skal skje, og at dei ønskte å kompensere meg for mi uheldige oppleving. Eg var ikkje sint, men syns dette var super kundeservice, seier Sundli.

Førti prosent mindre

Då ho la ut saka på sosiale medium, kommenterte ein av venene hennar:

– Det står jo 40 prosent mindre feitt på pakken. Dei har berre gløymt å erstatte det med meir kjøt.

600 gram minus førti prosent er 360 gram, så kommentaren var ganske treffande.

Frå no av kjem vekta til Cecilie til å verte meir brukt:

– Eg kjem til å sjekke ting litt meir no, ja, seier ho.


Artikkeltags