I ei tid men nedleggingar, gjerne med samanslåing som første steg, kan det vere god grunn for oss på Nordlandsforsking å feire at vi framleis lever i beste velgåande etter 40 år. Av i alt 12 samfunnsvitskaplege regionale forskingsinstitutt som blei skipa mot slutten av millenniumskiftet, har ikkje mindre enn seks blitt borte. På nært hald her i Nordland ser vi korleis veletablerte lærestader for høgare utdanning leggjast ned, og det av våre eigne. Store, tunge, «robuste» kompetansemiljø er dagens mantra så vel innan utdanning og forsking som for andre sektorar i samfunnet som til dømes kommune- og regionforvaltning, politi, rettsvesen og militær organisering. På denne 40-årsmarkeringa kan det vere på sin plass å minne om dei vindar og straumdrag som for eit halvt hundreår sidan gjorde institusjonar som Nordland distriktshøgskole og Nordlandsforsking mogleg. Og det var straumdrag som i alt vesentleg hadde gjennomslag på tvers av partipolitiske skiljeliner.

I 1965 sette Regjeringa ned eit utval med Kristian Ottosen som formann, Ottosenkomitéen, for å greie ut om korleis høgare utdanning på lågare nivå kunne organiserast på ein slik måte at utdanninga på den eine side blei gjort aktuell og relevant, og på den andre lettare tilgjengeleg over heile landet. Det er neppe å ta for sterkt i at den politiske oppfølging av framlegga frå dette utvalet representerte ein revolusjon innan det norske utdanningssystemet. På dei 10-15 åra frå om lag 1970 blei det etablert i alt 15 nye statlege høgskolar frå Agder i sør (Kristiansand 1969) til Finnmark i nord (Alta 1976).

Det var i utgangspunktet ikkje tanken at forsking skulle vere ei oppgåve for distriktshøgskulane. Men høgare utdanning skulle alt då vere forskingsbasert, og derfor skulle lærarane så langt mogleg vere forskarkvalifiserte. Skal ein halde forskingskompetanse ved like, må det forskast. Forsking blei etter kvart ein legitim aktivitet ved distriktshøgskulane, ikkje minst etter at Stortingsmelding nr. 35 (1975-76): Om forskningens organisering og finansiering hadde bana veg for den typen nyskaping som Nordlandsforsking kom til å representere. Rogalandsforsking, som starta opp i 1975, var først ute, med Nordlandsforskning (1979) og Møreforsking (1980) som dei neste. Medan det nasjonale nivået opna for slike etableringar, var det sterke aktørar i dei aktuelle fylka som stod som fødselshjelparar for desse nye regionale forskingsinstitutta.

Dette var òg ein periode då fylka fekk nye og store nasjonale oppgåver som drift av gymnas (1965) og etter kvart vidaregåande skule i det heile, eigarskap og driftsansvar for sjukehus (perioden 1969-2002), og større ansvar for regional planlegging. Frå 1976 blei fylkeskommunen også politisk og organisatorisk oppgradert som eige politisk nivå med direkte val til eit fylkesting. Fylkeskommunen hadde meir behov for forskingsbasert kunnskap, og hadde sterkare musklar og stod meir fritt til å ta eigne initiativ for å skaffe seg denne kunnskapen. Når Nordlandsforsking kom så pass tidleg i gang, hadde det òg å gjere med dyktige politiske og administrative leiarar i fylket som Petter Thomassen og Åge Danielsen. Dessutan, om ikkje Nordland alt hadde hatt sin distriktshøgskule (etbl. 1970) med god kompetanse innan mellom anna økonomisk, marinbiologisk og samfunnsfagleg forsking, ville ei etablering som NF ikkje vore mogleg.

Vi må sjå så vel distriktshøgskuleutbygginga som dei regionale forskingsinstitutta som resultat av ei medveten nasjonal satsing på at høgare utdanning og forsking skulle nå ut og bli nådd, og at begge aktivitetane i større grad enn tidlegare skulle kunne møte og fange opp behov og føresetnader overalt i landet. Utviklinga i Bodø og Nordland illustrerer godt eit nærmast symbiotisk forhold mellom desse to institusjonstypane: utan distriktshøgskulen, truleg inga NF, og utan NF ville høgskulemiljø i Bodø neppe fått den faglege nivåheving som var ein føresetnad for oppgraderinga til universitet i 2011.

Trass i krevjande periodar har NF etablert seg som eit viktig og rimeleg sterkt forskingsmiljø med 30-40 forskarårsverk dei siste par-tre tiåra. På fleire område har instituttet hevda seg i front nasjonalt, og mange av forskarane publiserer artiklar og er medforfattarar i fagbøker også internasjonalt. Institusjonen utgjer eit viktig tilskott til den samla fagkompetanse som er nødvendig for at Nord-universitetet over tid kan hevde seg. For å vri litt på eit sitat frå ein annan av byens jubilantar på denne tida, Halvdan Sivertsen, la oss håpe at «…sentraliseringsvinden snart må snu» slik at vi framleis kan ha forsking og undervisning på høgt nivå i alle landets regionar. Med dagens partimålingar i friskt minne, kan det vel hende at det ikkje berre blir med håpet.