Gå til sidens hovedinnhold

Litt om fuglane våre

Eg har tidlegare skrive nokre ord om fuglane vi har rundt oss her vi bur, og som også omgjer oss ute i naturen, både i marka, til fjells og til sjøs. Dei har oppteke meg heilt sidan eg var ein unge ved Saltstraumen i Bodø.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det første teikn på våren der nord, etter ein lang, kald og snørik vetter, var ein stær som satt på mønet på bustadhuset vårt og song så fint, så tidleg som i mars. Ikkje lenge etter fekk han seg make, og etter kvart vart det livat i alle fire stærbura i austveggen, med song, skrik og etter kvart ungeskrik i tillegg. Vi ungar følgde så nøye med kor mange fugleungar det vart, høyrde dei etter kvart trena i bura med å bruke vingane, og ut på våren ein gong ga dei seg i veg på eigne vingar, bokstaveleg talt.

Ein annan fugl vi hadde nøye oppsyn med var skjæra. Ho hadde det med å leggje reir i dei hagane der det var litt høge bjørke- eller rognetre. Ho var på ein måte avhengig av å bu der det var folk i husan, for middagsavfall og anna matavfall vart gjerne kasta i ein haug eit stykkje frå husa, slik at ho var sikra god kost. Mange spurvefuglar elles fann seg reirplass i bjørker og andre tre, men gjerne helst i små skogteigar ute på jordene. Det var gardsdrift med dyr og fjøs og uthus av ulike slag, samt naust i fjøra og sommarfjøs i utkanten av innmarksjorda på alle dei små og mellomstore gardane eg hadde rundt meg i oppveksten. Eit eldorado for ein unge. Sjølv hadde vi berre hus og eit vedskjul. Men alt dette ga mange høve for fuglane til å lage reir, ikkje berre i trær og buskar, men i raftene på husa, mange med torvtak, og ikkje minst i alle moglege reirplassar rundt i rafter og vindfulle veggar i fjøsar, lover og uthus av alle slag. Eit yrande liv, triveleg å følgje med både for vaksne og ungar.

Dette har jo endra seg mykje både der nord og her vest opp gjennom åra, og i heile Europa, om ein vil ta litt hardt i. Vi som lever i dag må då finne oss i at livsvilkåra for fuglane har endra seg mykje. Det er vel ein av grunnane til at vi i dag knapt nok ser ein fugl, korkje på land eller sjø lenger. Eg har eit par små «sylindrar» av netting hengjande i eit stort tre i hagen. Det fyller eg med frø eg kjøper i butikken, og nokre småfuglar kjem framleis og får seg mat der kvar dag. Det er kjekt å sjå. Men elles er det smått stell med fuglar her eg bur. Skjæra hadde lenge reir her i hagen og i nabohagar. Trea har vakse seg høge og fine, men her er lite att også av den fuglearten.

Her om dagen kom eg til å sitje saman med ein gardbrukar frå ei av bygdene her i Ytre Herøy på ein kafè nede i Fosnavåg sentrum. Og vi kom i prat om fuglar. Også han var svært interessert i emnet, og vi var heilt samde om at det etter kvart har minka mykje på fuglebestanden, både på land og på sjø. Også han hadde båt til husbruk. Han fortalde om korleis han opp gjennom alle år hadde vitjing av ein heil del ulike småfugleslag som fann seg reir heime hos han. Ikkje minst på låven og andre gardshus, og rundt der i raftene og sprekkene i veggane der dei kom seg inn. Og elles på garden. Det var for ikkje så mange år sidan eit yrande liv utover våren og sommaren med ulike fuglar, då særleg nemnde småfuglar.

No var det stille. For berre få år sidan kom det tidleg på hausten store stærflokkar på veg sørover. Dei såg etter bær på sin veg. Dersom vi ikkje hadde garn over ripsbærbuskene, vart dei reinplukka på få timar. Det var ein gong. I dag er også denne trafikken borte. Det synest som det no berre er fugleekspertar, med yrkestittel ornitolog, som ser fuglar. Ornitologi er vitenskapen om fuglane. Men eg er redd for at dei lever i si eiga verd, den verda dei las om på universitetet, og enno ikkje har oppdaga dagens situasjon. Det ser slik ut, for eg har i lokalavisene her, eller i avisene frå Oslo og Bodø, som eg dagleg får til huset, sett noko om dette emnet. Kanskje kan ornitologane starte eit arbeid med å gje oss svar på kva som er årsaka? Det ville interessere mange. Så kanskje dei kan peike på tiltak som kan settast i verk for å hindre at denne utviklinga held fram..

Kommentarer til denne saken