Fylkespolitiker? Du bør takke Sebastian.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

LeserbrevEg har alltid vore forelska i Nordland. Det er noko unikt. Fyrst og fremst fantastiske folk, engasjerte og rett på. Så kjem sjølvsagt naturen. Den er magisk. Eventyrlege Helgeland, magiske Lofoten og den uendelege lange kysten, med perler på rekke og rad. Som sjømatentusiast er eg så heldig å få ta del i dette, sidan vakre Norland har så ufatteleg mange flotte sjømatselskap. Slikt bør sjølvsagt synast fram.

I mi vesle verd har eg det gjerne slik at når eg blir heilfrelst på noko, så vil eg gjerne vise det fram. Helst til flest mogeleg, men ein lyt gjerne starte med små steg. I sommar tok eg difor med meg familien nordover. Ein på 14, ein på 12, ei på 10 og mi høgre hand. I utgangspunktet ikkje verdas enklaste sak. Hæ? Nordland? Regn? Kaldt? Ska vi det? Seriøst liksom? Etter ein del handsaming og lovnad om varmegaranti denne sommaren, sette vi oss i bilen. Riksveg 17 here we go!

For sjølvsagt måtte eg det. Dette var då det alle mine kontaktar hadde sagt. Vegen er ein draum, du får sett så mykje, den er magisk. E6 er da berre fjell og skog. Eg lytta til råda, men…

Akk ja – der er eit men, og det er her du som driv fylkespolitikk i Nordland kjem inn. Mest du, men også kanskje du som engasjerer deg i lokalpolitikken. Vår historie starta nemleg ein regntung sommardag på Stokkvågen i Lurøy. Etter ein tidleg start med ferje frå vene Lovund, der servicetilbodet var upåklageleg, starta ein lang biltur. Nei, vi er ikkje sutrepavane frå sør som ikkje toler lange bilturar, men vi er familien som absolutt må ha mat minst kvar fjerde time, helst mindre om du spør kona. Kjære politikar, kva har de så lagt opp til langs denne vegen? Tenk litt etter? Blir du flau?

Vår fyrste etappe var den halve timen frå Stokkvågen til Kilboghavn. Så ein time ferje. Kva møter så deg her? Kjære politikar, det er berre å ta fram kjenslene igjen. I min oppvekst på 80-tallet hugsar eg godt dei gamle ferjene på Sunnmøre. Desse 80-talls ferjene som eigentleg var produsert lenge før. Nærmast som grå betongklossar, lukka og skitne, du må dukke i det du åler deg ned den bratte trappa heilt i botnen. Der nede ein svak eim av pisselukt frå do, gamle raude skinnbenkar og triste bilete. Eg trudde brått eg var Michael J. Fox, du veit han som reiste tilbake i tida. Vi sat der, heile familien , i skinnsalongen saman med alle tyskarane, danskane og nederlendarane. For eit fantastisk tilbod. Så flott at vi viser fram slik nostalgi.

Og så prikken over i-en. Hadde det ikkje vore godt med ei svele og ein kopp kaffi? På andre nostalgiferjer langs kysten har ein i det minste eit lite bord, der du sjølv kan legge pengar i ein kopp. Nei igjen. Her er det ”hald kjeft, sitt stille og kjenn heller på lysta”-filosofi. Ein nedlagt kiosk – ingenting. Sure og irriterte køyrer me av i Kilboghavn. Vel ein time til neste ferje, men det er vel ein triveleg kafé langs vegen? Nja, Rødøy kommune har nok ikkje innsett potensiale som ligg i alle turistane langs vegen om sommaren.  

Eg er ikkje dum. Sjølvsagt kan ting vere ei ustand og ei reserveferje må til. Eg har likevel googla meg fram til at eg nok ikkje er den einaste som har ropt ut min naud. Likevel politikar. Dette er berre flaut, trist og frykteleg dumt. Tenkt å rive vekk dei fantastiske inntrykka frå naturen med eit slikt tilbod. Her er me nærmast kåte på fjell, magiske tindar, øyer og magi. Så klarer ein nesten å bli potent av mangel på mat. I Noreg? Kva i hulaste er det me driv på med?

Eg vil avslutte mi historie med ein takk til ein som har skjønt det. Langt meir enn mange andre har gjort langs riksveg 17. Mi familie vil litt i det seinaste laget, men absolutt så likevel så høgst fortent, takke åtte år gamle Sebastian Danielsen på Ågskardet ferjekai. Kjære Sebastian, du vart redninga for oss denne seine formiddagen. Lunsjen fant vi ikkje på ferja, ei heller langs vegen. Derimot, dine rykande ferske vaffel, nydeleg kaffi og saft. Eg er sikker på at eg ikkje er den einaste. Vi og alle andre turistane som køyrde vegen i fjor sommar er deg evige takknemleg. Tusen hjarteleg takk. 

PS! Det stridregna gjennom heile Rødøy, den magiske naturen fikk vi ikkje sjå akkurat her. Derimot i det Sebastian serverte vaffel, skein sola så vidt igjennom på kaia på Ågskardet. Kjære politikar, håper du tek det som eit teikn!

PS2! Eg har og høyrd i etterkant at familien Danielsen har tatt skeia i eigne hender og har starta kafé på Ågskardet. Heretter bør det vere lovpålagt for alle politikarar som køyrer igjennom Rødøy å stopp her for å støtte tilbodet! 

Artikkeltags