Det har vore mykje debatt i media etter at soldat Julie Sandanger (25) har fortalt at ho vart snikfotografert i dusjen av sin overordna sersjant. Etterforskinga viste at sersjanten hadde 38 (!) videoar av henne, naken i dusjen. Reportasje i VG 8.mai, viser at det var ikkje enkelt for Sandanger å melde frå, sørge for fortgang i saka og til sist måtte ho skaffe seg advokat på eiga hand, fordi Forsvaret ikkje ville dekke kostnader til bistandsadvokat.

Sersjanten er dømd til 90 dagar betinga fengsel og 25.000,- kroner i oppreising. Men han jobbar framleis i Forsvaret og han er framleis sersjant. Sandanger sjølv stiller spørsmål ved den nulltoleransen mot seksuell trakassering som Forsvaret reklamerer for at dei har: «De lar en straffedømt fortsette å jobbe i Forsvaret. Det er tragisk.», seier ho til VG.

Generalmajor og sjef for Hæren, Lars S. Lervik, seier til VG at han er glad for at Sandanger har teke belastninga med å varsle.

Det er deprimerande at Lervik uttalar seg slik. På nytt og på nytt er det dei som blir utsett for overgrep som må stille opp og ta belastninga for ein ukultur som klårt bryt med det «verdibaserte Forsvaret». Kor lenge skal vi vente på at sjefane tek ei belastning i desse sakene? I staden for at Lervik gler seg over at Sandanger har klart å stå i ei tøff varslingssak, burde han ha teke belastninga med å trekke seg frå stillinga si som sjef for Hæren, i solidaritet med Sandanger. For å vise nulltoleranse. For å vise at han står opp for eit «verdibasert Forsvar».

Lervik kunne ha varsla forsvarssjef Eirik Kristoffersen, som har det overordna faglege ansvaret og som kunne ha involvert dei politisk ansvarlege. I 2015 vedtok Stortinget at vi har verneplikt både for kvinner og menn i Noreg. Regjeringa, ved forsvarsminister Bjørn Arild Gram, har det overordna ansvaret for at både kvinner og menn skal vere trygge på denne arbeidsplassen og vi andre skal vere trygge på at nulltoleransen for seksuelle overgrep er så sterk at den ikkje berre fungerer i fredstid, men og vil tole ein krigssituasjon. Vi opplever krig i Europa. Vi veit at dei mest sårbare i ein krigssituasjon, er kvinner og barn. Seksuelle overgrep er ein krigsstrategi.

Det er ikkje nok å heie på modige varslarar. Belastning og ansvar må takast av dei som sit i maktposisjonane.