Som menneska har også dyra ei psykisk helse. Dette er vitenskapelig bevist. Det må bondeorganisasjonane, Mattilsynet og alle byrje å ta omsyn til. Det er ikkje nok berre å gje dyra mat og vatn.

Kvifor blir det som er vitenskapeleg bevist om dyra undervurdert? Dei er «berre» dyr, seier vi. Alt som vitenskapen har kome fram til om dyra blir feia bort, fordi det ikkje passar inn i systema våre.

Om sommaren ønsker alle å kome ut, både dyr og menneske. Men mange dyr får aldri kome ut. Det gjeld dei fleste grisar, oksar, kyllingar og høner, men også mange andre dyr som eigentleg har rett til å kome ut. Dyra som ikkje får kome ut vil sørge og bli deprimerte, slik vi ville blitt dersom vi ikkje hadde fått kome ut i sola og kjenne jorda under beina, og dersom vi skulle stått heile tida i ro og ikkje fått bevege oss.

Ordet dyrevelferd heng høgt. Det er eit ord som blir mykje misbrukt. Eg trur forfedrane våre hadde vore rysta om dei hadde sett at vi har dyra inne om sommaren. Dei tok meir omsyn til dyra og tenkte at det ikkje var sunt for dei å stå inne i fjøset om sommaren.

Når eg ser dyretransportbilane tenker eg på dyra som står inne i bilane. Mange av dei har aldri vore ute, dei har stått inne i eit fjøs heile livet, kanskje på ein bås der dei ikkje har fått bevege seg. No skal alt gå veldig fort. Dei blir jaga inn i bilane og køyrde til slakteriet, der det også skal gå fort. Dei kjenner nok at dette er veldig skremmande, og dei føler heilt sikkert stor redsel og dødsangst. Dette blir det ikkje tatt omsyn til. Det er eit lukka system som vanlege folk ikkje får innsyn i.

Er det verkeleg så mange menneske som ønsker å ete liding, ete dyr som har opplevd dødsangst og som aldri har fått den livsretten som det er å kome på gras og kjenne sol, varme og frisk luft?

Når alt dette er sagt, må ein også skryte av dei bøndene som har verkeleg omsorg for dyra sine, dei som steller godt med dei og tek omsyn til dei. Vi kan ikkje dra alle under ein kam.

Ein må aldri gløyme at dyra også har sterke kjensler. Dei er levande og følande individ, som oss, og dei er like glade i avkomet sitt som vi er i våre barn. Dei er ikkje fødde til å vere produksjonsmaskiner. Vi kan ikkje utnytte dei så maksimalt som vi gjer i dag. Vi må endre på haldningane våre.