Dei siste åra har det blitt gjort mye i Nordland for å trekke turistar til regionen. Fokus har som vanleg vore på midnattsola og nordlyset. Andre magnetar har vore øyriket og naturen på Helgeland, og ikkje minst Lofoten. I dei seinare åra med mildare klima og mindre snø nasjonalt, har også vintersport blitt promotert.

Sjeldan marknadsfører vi kulturminna våre. Det er nesten som vi tenker at dette er spor i landskapet vi ikkje viser fram. Likevel har vi mange slike minne om menneskeleg aktivitet, det vil seie kultur. Til og med nokså nye bygg blir vist fram for å syne arkitektur, historie og funksjon, og slik har vi synt at ein sildolje-silo, eit hurtigruteskip, eit jernbaneanlegg eller ei domkyrkje er noka av det vi er mest stolt av i våre lokalsamfunn. Dei fortel noka om vår historie, vår identitet – ja vårt opphav. Derfor riv vi dei ikkje ned eller brenn dei.

For tida skjer det ei rivande utvikling i reiselivet i Fauske. Kommunen har ei rad spennande kulturminne som både har blitt tatt vare på og synt fram, så som gruveanlegg i Sulitjelma, bygdetun og televerksbygg, og klyngetunet i Sjønstå. Alle bygga fortel sitt om historie og kultur i eit lokalsamfunn prega av industri og moderniseringprosessar, og slit og kamp for eit betre samfunn.

Eit av dei best bevarte gruvesamfunna, Jakobsbakken, har også blitt tatt vare på og står i dag fram nesten komplett, det i eit arktisk klima nær 600 meter over havet. Ingen gruvesamfunn nord for polarsirkelen er like komplette som dette gruvesamfunnet. Det kan vi takke privatpersonar og organisasjonar som har engasjert seg på Jakobsbakken sidan gruvene stilna av i 1968.

I dag står Jakobsbakken overfor nye utfordringar. Turistutbygging krev annan infrastruktur enn det dei gamle arbeidarbrakkene og – bygningane kunne tilby, og næringsinteresser presser på for å modernisere området. Dette er ikkje uproblematisk. Lokale krefter i gruvesamfunnet vil heller ruste opp det gamle samfunnet slik at det kan stå fram i all sin prakt og vitne om kultur og historie frå meir enn 100 år sidan. I reiselivssamanheng vil dette dessutan gjøre Jakobsbakken meir interessant. Den kulturinteresserte turist kjem heller til Jakobsbakken for å sjå historia til staden, og autentiske bygg med arkitektoniske trekk frå fortidig kultur, framfor store, prangande nymotens bygg som ofte stikk seg ut i det nakne, arktisk landskapet.

Lokale kulturvernarar har for eksempel slått til lyd for å ruste opp den gamle tennisbanen, som var leikeplass og fotball-løkke etter krigen. På si side snakkar næringsinteressene om å legge til rette for oppstillingsplass for campingbilar. Her står vi overfor interessemotsetningar der styresmaktene må stå opp å ta det gamle gruvesamfunnet slike vernereglane for området krev. Nybygg i ny stil kan heller samlast der slike finst frå før. Viss nybygg blir reist på Jakobsbakken er det ein god regel at dei speglar den eksisterande arkitekturen, slik at vi rustar opp vår felles kulturarv slik at det igjen kan vise seg frå si beste side.

Inngrep i kultur- og naturlandskapet må ta omsyn til det unike kultur- og naturmiljøet som Jakobsbakken er. Det vil både gagne lokalsamfunnet og næringslivet, som då kan selje det som det det er, eit kulturminne over ei forgangen tid då folk i Salten levde av industri. Det var det som skapte det moderne Nordland. Det var det som la grunnlaget for Fauske kommune. Det var det som skapte det moderne Noreg. Reiselivsnæringa bør derfor hegne om slike miljø, framfor å forringe dei.