Gå til sidens hovedinnhold

Blix-pris til Simonsen

Artikkelen er over 11 år gammel

Blix-prisen for år 2009 blir tildelt bodøværingen Are Bredahl Simonsen.

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir hvert år gitt til en nordnorsk forfatter som skriver nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

Juryen begrunner tildelingen på denne måten:

Are Bredahl Simonsen frå Bodø er best kjent som bakmann og hjelpar i det norske musikkmiljøet; i ei årrekkje har han arbeidd som produsent, teknikar og backingmusikar på musikkutgivingar. Med sine tre solo-album har Bredahl Simonsen tatt steget fram til scenekanten og er her i front både tekstleg og musikalsk; han er både komponist og låtskrivar. På albumet tredje utgivelse er det særleg tekstane som har fått ei djupn og eit alvor som står fram og stikk seg ut i eit mylder av norske poptekstar.

I nordnorsk språkdrakt, med umiskjenneleg bodødialekt, skriv han poplåtar som skildrar liva våre i stort og smått; tekstane hans evnar å vise lyttaren magien i kvardagen og augneblinken, som i til dømes den særs vellykka poplåta “paradis”. Songen held fram bitte små glimt av Paradis; her er dei små gledene i kvardagen, eit glimt at lys januar, ein sms frå ein gammal venn, og glømte skattar ein finn igjen. Slik løftar Bredahl Simonsen det kvardagslege til noko større, poetisk, og han maktar å skape ein høgare himmel over dei små liva våre. Og på dette viset blir tekstane hans også små kvardagssalmar i livet til det moderne mennesket; melodien er smart pophandverk og tekstlinjene løfter blikka våre og lar oss sjå kvardagslivet vårt i eit nytt lys som skapar undring. Det er ei gåve å få ein sms av ein gammal venn, eller kjenne det første lyset i januar, og orda til Bredahl Simonsen får oss til å stoppe opp ved akkurat dette.

Slik står Bredahl Simonsen fint opp mot opphavsmannen til denne prisen, nemleg Elias Blix. På same måte som Blix nyttar den nordnorske naturen og språkdrakta i til dømes salmen ”ein båt i stormen duva”, ser ein tydelege spor av det nordnorske både språkleg og bildemessig hos årets Blix-vinnar. I hiten Like før det snør, er det det nordnorske bestemorhuset i det nordnorske landskapet, lik eit fotografi av Rune Johansen, som tar plass; og Bredahl Simonsen sameiner det konkrete landskapet og den eksistensielle undringa over livet og kvifor ting er som dei er og blei som dei blei, på same fine vis som læresveinane i Blix-salmen gruvar for stormen utanfor Sandhornøya, og ikkje Genesaretsjøen som vanleg er.

På eit liketil og poetisk vis skildrar Blix-prisvinnaren livets små og store under, undringar, sakn og gleder, og det i ei språkdrakt som gjer ein stolt av å vere nordnorsk dialektbrukar. Også på vårt mål kan ein skape poesi og treffande poplyrikk, som det svingar av. Saman med dei finstemte melodiane og gode arrangementa, er dette fabelaktig popmusikk med tydeleg språkleg og geografisk forankring.

Dette gjer Are Bredahl Simonsen til ein verdig vinnar av Blix-prisen 2009.

Blix-prisen blir delt ut fredag 20. november i sametingsbygninga i Karasjok i forbindelse med Nordnorske Bokdager.