Så langt i år har talet på dødsulukker dobla seg samanlikna med i fjor. Denne dystre trenden kan ikkje halde fram

Også i år skal truleg mange oppleve Noreg frå vegen. Mange vil måtte pårekne tid til kø og venting. Dette er fordi det blir bygd svært mykje ny veg, og det blir jobba med å ta att store vedlikehaldsetterslep. Dette er eit resultat av dei mange prosjekt som Solberg-regjeringa sette i gong, men som enno ikkje er sluttført. Dei skal gje auka trafikktryggleik og redusert reisetid for billistar over heile landet. Men det betyr altså at vi i ein periode må finne oss i vegarbeid langs vegane våre.

Diverre har vi i 2022 sett tal på dødsulukker som vi hadde håpa å kunne sleppe. Eit dødsfall i trafikken er eit dødsfall for mykje. Skal vi nå målet om ein nullvisjon må vegbygginga halde fram, nye vegar er sikre vegar, der tal ulukker vert betrakteleg redusert.. Likevel er det nokre faktorar vi aldri kan ta høgde for som er årsaka til mange ulukker, nemleg rus og uoppmerksomheit. Her har vi sjølv eit ansvar.

Når køane er lange og ein akkurat ikkje rekk ferja, blir det ofte ekstra mykje mas frå baksetet om «når er vi framme?». Då må ein ikkje bli freista til å køyre meir risikabelt og redusere tryggleiksmarginane. Det er alltid betre å kome fram litt for seint i god behald, enn å ikkje kome fram i det heile.

Politiet har bestemt seg for å sette i verk tiltak for å motverke den negative utviklinga i talet på alvorlege trafikkulukker. Både lågare fartsgrenser og fleire fotoboksar blir no vurdert som verkemiddel. Politiet varslar og at det kjem til å vere godt synlege i sommar. Det er bra. Eg håpar alle billistar køyrer slik at jobben deira blir enkel.

Ikkje kompromiss på tryggleiken når ungane skrik og masar frå baksetet. Hald merksemda på trafikkbiletet og gjer transportetappa til ei god oppleving for deg og dei andre som ferdast på og langs vegen.

God somar, god tur og køyr varsamt!