Gå til sidens hovedinnhold

Hva med Nesna, statsråd Asheim??

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

OsloEconomics har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeidd ein rapport som syner at kommunar i distrikta i Noreg har problem med å skaffe seg utdanna arbeidskraft. Konklusjonen er så absolutt inga bombe, men ein situasjon som har forverra seg etter at distriktshøgskolane er lagt ned, strukturreforma har fusjonert dei fleste høgskolane og i tillegg lagt ned Campus Nesna. No foreslår Senterpartiet at dei vil reetablere fleire høgskolar for å bøte på situasjonen, dersom dei kjem i regjeringsposisjon etter valet i 2021.(Klassekampen 2.juli, 2020)

Forskings-og høgare utdanningsminister Henrik Asheim nektar å ta inn over seg fakta.”Nesna er det eneste eksemplet de har å vise til”, seier han. Ja, og så? MeinerAsheim at det eksemplet ikkje er grunn til å ta på alvor? Umiddelbart etter strukturreforma sin fusjon til Nord universitet, som lova vekst og utvikling til Campus Nesna, starta Nord nedbygginga av studietilbod på Helgeland. Knapt to år etter fusjonen kom forslaget om nedlegging av Campus Nesna.

Kvifor vil ikkje statsråd Asheim diskutere dette eksemplet? Kan det vere at heilestrukturreforma var eit spel for galleriet og at nedlegging av Campus Nesna var villa politikk og ein planlagt konsekvens av strukturreforma? Asheim slepp i såmåte katta ut av sekken når han i intervjuet seier: ”Det er gammeldags av Senterpartiet å tro at man må bygge små campuser rundt omkring for å kunne tilby utdanning i hele landet.”

I tilfellet Nesna, er det heller ikkje snakk om å bygge ein ny campus, men å hindre at ein campus som har levert lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar, IT-kandidatar osv., blir lagt ned. Fagpersonalet skal flyttast frå Helgeland til Bodø og Levanger. Nei, dette er ikkje sentralisering, hevdar Asheim, som konsekvent overser fakta. ”Man har slått sammen ressurser og kompetanse, ikke bygg,” hevdar han,vel vitande om at departementet har gitt Statsbygg i oppgåve å selje den tradisjonsrike bygningsmassen på Nesna til høgstbydande.

For å understreke ekstra at Asheim ikkje har fått med seg fakta i eksemplet Nesna, er han frimodig nok til å samanlikne med Høgskolen i Finnmark som no er del av Universitetet i Tromsø. Men campus i Alta er ikkje lagt ned, til forskjell frå Campus Nesna.

”Sektoren og studentene erkjente selv at dette var nødvendig.Vi hadde for mange svake fagmiljø,” hevdar Asheim. Kva slags ”sektor” og kvaslags studentar er det han viser til? Dei tilsette og studentane ved Campus Nesna har kjempa som løver for åfå halde fram på Campus Nesna. Studiebarometeret for 2020 viser at studentane frå Nesna er dei mest nøgde i heile landet.

Dersom strukturreforma hadde somambisjon å styrke fagmiljøa, må det vere på tide at statsråd Asheim går litt grundigare inn i saksfeltet før han kjem med sine påstandar. Nord universitet har etter nedlegginga av Nesna, svekka sitt omdømme, lagt ned halvparten av studieplassane på Helgeland, fått sterk nedgang i si søking til lærarutdanningane og på toppen av det heile slit dei med å få NOKUT si godkjenning av eit av sine doktorprogram.

Sjølve ideen med å slå saman så mange universitet og høgskolar som mogleg, er ikkje resultat av ei fagleg og sakleg fundert utgreiing, men eit politisk prestisjeprosjekt som einsidig fokuserer at stort alltid er best. No kjem dokumentasjon på at distriktskommunar slit med å rekruttere fagfolk og signal frå sektoren om at både forskinga og det regionalpolitiske ansvaret blir skadelidande.

Styremedlem i NTNU, Aksel Tjora,seier til Universitetsavisa, 3.juli: ”Men nå er alle snart flercampusuniversiteter med urealistiske ambisjoner, der den regionale rolla blir implisitt ansett som mindreverdig. (..) Egentlig mener jeg hele strukturreformen har vært et stort feilgrep.”

Det er flott at både Senterpartiet og dei andre opposisjonspartia på Stortinget no tek til å sjå på konsekvensane av strukturreforma. Det er ei politisk oppgåve å sikre busetting og velferdstilbod over heile landet og dette kan vanskeleg sikrast utan ein desentralisert høgare utdanningsstruktur, med regionale høgskolarog campus, som drivande kraft i kunnskapsutviklinga. Ei reetablering av Høgskolen i Nesna vil vere eit godt tiltak i så måte.

Kommentarer til denne saken