Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
For nokre veker sidan var Bodø kommune med på å organisera Gjenbruksuka, der fleire føredrag og arrangement skulle bidra til å gjera folk meir opptekne av gjenbruk. Bodø kommune arrangerte blant anna eit kompetanseforum som handla om gjenbruk av bygningar og byggemateriale, med slagordet “Det mest bærekraftige bygget er allerede bygget” som innleiing. Ambisjonane og måla er svært gode, men orda går ikkje over til handling.
Bodø kommune står nemleg i bresjen for det alt anna enn bærekraftige prosjektet Ny by – ny flyplass, som skal føra til store utslepp og enorm øydelegging av verdifull og bynær kystnatur. Som om ikkje dette er problematisk nok i seg sjølv, framstiller i tillegg Bodø kommune prosjektet nettopp som eit klimaprosjekt! Eg har skrive litt om klimaavtrykket til flyplassprosjektet tidlegare, men her vil eg her gå nærare inn på denne problemstillinga.
“– Det er først og fremst et stort byutviklingsprosjekt” sa prosjektsjef Irene Skiri til Samferdsel & infrastruktur i 2019, der ho samtidig understreka at det òg er eit grønt, bærekraftig og innovativt prosjekt. Den same retorikken går igjen i Bodø kommune og politikarane sin omtale av prosjektet, og bærekraft vert stadig brukt som eit viktig argument for flyplassflyttinga. Grunnen til dette er at den nye bydelen som flyplassflyttinga gir plass til, skal verta eit nullutsleppsnabolag, altså ein bydel som har null utslepp i eit livsløpsperspektiv. Sidan flyplassflyttinga og den nye bydelen er gjensidig avhengige av kvarandre, er det openbart at me må vurdera effektane samla.
Dersom Ny by – ny flyplass samla sett skal vera klimavenleg, må det gje ein klimagevinst samanlikna med alternativet, som i denne samanhengen er renovering av dagens flyplass. Dei siste prognosane for utslepp frå flyplassbygginga finn me i Bodø kommune sitt klimabudsjett frå 2021, og der er utsleppa rekna til å koma på 180 tusen tonn CO2-ekvivalentar. Dersom økonomisk kostnad og utslepp heng saman, vil ei renovering av den eksisterande flyplassen vil føra med seg rundt 15% av desse utsleppa. Spørsmålet er altså om gevinsten ved den nye nullutsleppsbydelen kan vega opp for dette.
For å vurdera denne gevinsten, må me sjå på kor store utslepp kvar innbyggar bidreg med i dag og i framtida. Bodø kommune har laga eit klimabudsjett der dei legg planar for korleis kommunen skal redusera utsleppa sine med 60% innan 2030 samanlikna med 2009. Ved å leggja saman utsleppa for alle sektorane utanom anleggsarbeid og sjøfart, får me eit øvre estimat på kva innbyggjarane i dagens Bodø bidreg med. Dette kan me framskriva for å sjå korleis utsleppa vil endra seg med folkevekst og utsleppsreduserande tiltak. Ved bygging av ein utsleppsfri bydel, kan me grovt rekna at all folkevekst etter 2029 vil skje her, heilt utan utslepp.
Resultatet av ei slik framskriving er nedslåande for Ny by – ny flyplass. I 2067, så langt fram som befolkningsframskrivinga går, ligg stadig dei samla utsleppa frå flyplassprosjektet godt over renoverings-alternativet. Etter kvart som tida går, vil resten av byen òg gå mot eit nullutsleppssamfunn, slik at gevinsten ved flyplassflyttinga stadig minkar med åra. Dette fører til at dei samla utsleppa frå Ny by – ny flyplass sannsynlegvis aldri kjem til å verta mindre enn alternativet, nemleg å renovera flyplassen som ligg der i dag.
Reknestykket over tek utgangspunkt i premisset som Ny by – ny flyplass er bygd på, nemleg at ein ny (og utsleppsfri) bydel er avhengig av å flytta flyplassen. Dette er grunnleggande feil, sidan det er fullt mogleg å byggja ein slik bydel på områda sør for flyplassen, noko eg og andre har skrive mykje om i tidlegare innlegg.
Den nye flyplassen vil òg føra til enorme naturinngrep, der kilometervis med kystlinje skal byggast ned, fleire hundre mål med holmar og sandbankar skal fyllast ut og millionar av kubikkmeter med kollar og åsar skal sprengast bort. Dersom flyplassen vert bygd, øydelegg me dette praktområdet for alle komande generasjonar. Dette går tvert imot sjølve kjernen av begrepet “bærekraft”.
Og kva så, vil kanskje nokon spørja? Det er sjølvsagt ikkje slik at klima og bærekraft er det einaste som skal avgjera alle saker, og det må ikkje plent vera avgjerande her. Me må likevel kunna forventa at Bodø kommune og politikarane er ærlege. Det finst nok av gode grunnar til å ikkje flytta flyplassen, og det finst nokre få grunnar til å flytta. Klima og bærekraft er ikkje blant desse.
1. september skreiv Bodø kommune om begrepet “grønvasking” på Facebook-sida si. “«Grønnvaskingsplakaten» gir oss retningslinjer for hvordan bedrifter kan bruke begreper som bærekraft, klima og miljø.” var noko av det dei skreiv. Det er på tide at Bodø kommune tek fram denne plakaten sjølv, og begynner å leva som dei preikar. I “gjenbruksuka” snakka dei om at dei mest bærekraftige bygga allereie er bygde. Kva med å gjenbruka rullebanen som allereie er bygd?