I år er det 75 år sidan FN vart etablert med hovedkontor i New York. 51 land skreiv under på FN pakta hausten 1945.

Bakgrunnen for opprettinga av FN var at sigerherrane etter 2. verdskrig ønska å få til ei verd der komande generasjonar skulle sleppe å oppleve krigens redsler.

I 2020 er det 193 medlemsland i FN, det vil seie at så godt som alle land i heile verda er med i FN.

Føremålet med FN er å sikre og trygge freden, jamne ut økonomiske og sosiale skilnader og sikre alle menneske dei same rettane.

Alle medlemsland i FN har status som suverene og likeverdige statar med respekt for at landa har sjølvstyre innan eigne grenser.

Utanom hovedkontoret i New York har FN og organisasjonar knytt til FN kontor i Wien, Genève, Haag og Nairobi.

Den mest kjende institusjonen i FN er hovudforsamlinga der alle dei 193 medlemslanda møter og har ei stemme kvar. Tryggingsrådet har 15 medlemmer, 5 faste medlemmer og 10 medlemmer som er vald for to år. Noreg har no fått ein av dei rullerande plassane i tryggingsrådet frå 1.1.2021.

FN har ei rekkje med organisasjonar knytta til seg. Nokre av organisasjonane har ei historie lenge før 1945 (til dømes ILO, den internasjonale arbeidsorganisasjonen), andre kom til i 1945 og andre har oppstått på ulike tidspunkt i FN si 75-årige historie.

Ein del viktige arbeidsområder for FN:

  • Fredsbevarande styrkar er oppretta for å sikre fred. I dag er FN engasjert i 13 operasjonar med om lag 100.000 soldatar. I alt har det frå 1948 og framover vore 71 FN-operasjonar med vel ein million soldatar.
  • FN kom med dei første allmenne menneskerettane i 1948. Alle menneske er født frie med dei same rettane. Menneska er utstyrt med fornuft og samvet og bør handle mot kvarandre i brorskapets ånd. Ingen skal diskrimerast grunna kjønn, rase, hudfarge, språk, religion, politisk oppfatning.
  • FN har tydd mykje for å få til internasjonale rettsreglar.
  • FN har no utarbeidd 17 bærekraftsmål som skal oppnås innan 2030. Bærekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for heile verda når det gjeld å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane.

Årets fredspris gjekk til FN-organisasjonen Verdas matvareprogram (WFP). Dette er ikkje første gong FN eller personar/ organisasjonar knytt til FN får Nobels fredspris. Dette er «FN-fredsprisane»:

  • Ralph Bunch - FNs meklar i Palestina (1950)
  • FNs høgkommisær for flyktningar (1954 og 1981)
  • Dag Hammarskjøld - generalsekretær i FN (1961)
  • UNICEF - FNs organisasjon for barn - (1965)
  • ILO (internasjonal arbeidsorganisasjon) (1969)
  • FNs fredsbevarande styrkar (1988)
  • FN/ generalsekretær Kofi Annan (2001)
  • Det internasjonale atomenergibyrået (2005)
  • FNs klimapanel (2007)
  • Organisasjon for forbud mot kjemiske våpen (2013)

Denne oversikta viser FN si store tyding for verdsfreden.

Likevel har det vore ein god del kritikk mot FN opp gjennom åra.

  • Dei fem faste medlemmene av tryggingsrådet (USA, Russland, Storbritannia, Frankrike og Kina) kan leggje ned veto. Dette hindrar ofte vedtak. I tillegg har det kome nye store statar som kanskje burde hatt fast plass i tryggingsrådet, til dømes India med ei befolkning på om lag 1.000 millionar.
  • FN bar eit stort og dyrt byråkrati som bør gjerast meir effektivt.
  • FN er flink med prat, utgreiingar og gode målsettingar, men ikkje alltid like flink til å gjera noko konkret.

Vi lever i dag i ei svært usikker tid, der det er vanskeleg å spå kva som skjer frametter. Nye konfliktar oppstår, pandemiar kjem, demokratiet er mange stader i tilbakegang, nasjonalismen veks, aukande flyktningestraum, aukande miljøutfordringar, fleire land ønskjer å setje sitt eige land først og har mindre tru på internasjonale løysingar.

Vil så FN oppleve sin 100 års dag i 2045 som ein fortsatt vital og levedyktig organisasjon?

Ja, eg trur det. Jamvel om FN ikkje er meir enn det medlemslanda gjer organisasjonen til, så synest eg organisasjonen stort sett har vore flink med å tilpasse seg ulike tilhøve i dei 75 åra som har gått. Dei urolege tidene vi har no, tilseier at vi treng meir felleskap og større vekt på internasjonale løysingar. Her har FN framleis ei stor rolle å spele.