Gå til sidens hovedinnhold

Fjellova og statsgrunn

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Regjeringa sende 21. juni ut ei melding om at ho startar arbeidet med «å utrede ny forvaltningsordning for statseid grunn i Nordland og Troms». Regjeringa vil ikkje innføre fjellova. Etter regjeringa sitt syn er fjellova utforma for fjellområda i Sør-Noreg. Situasjonen i Nordland og Troms er etter regjeringa sitt syn annleis, mellom anna fordi at det i desse områda ikkje er statsallmenningar og dessutan er stort sett alt der reinbeiteområde. Etter mitt syn er grunngivinga ikkje dekkande for den faktiske situasjonen.

Om statsallmenningar i Nordland og Troms: Der er i dag uomtvista at gardbrukarane har allmenningsrett, i det minste når det gjeld beiterett på mykje av statens grunn i Nordland og Troms. Dette vart for eksempel lagt til grunn av Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms i sak UNT-1987-3 Skjærstad og sakene UNT-1987-1 og UNT-1987-2, begge Beiarn. Eg kan også vise til Høgsteretts dom i Rt-1996-1232 Tysfjord og Hamarøy. Ei rekke bruk fekk der dom for at dei «har beiterett på allmenningsrettslig grunnlag på statens grunn for de husdyr som kan vinterfores på gården».

Men det er samtidig slik at innhaldet i allmenningsretten er redusert i Nordland og Troms samanlikna med situasjonen i Midt- og Sør-Noreg. Allmenningsretten til hogst har gått tapt for allmenningane i Nordland og Troms, jf. Rt-1918-454 Veikvatnet. Høgsterett la der til grunn at staten hadde etablert ei ordning som var i strid med allmenningsreglane i Norske Lov kap. 3-12.

I Rt-1991-1311 Skjerstad og Beiarn gjekk Høgsterett eit steg vidare. Retten reiste spørsmålet ved om denne ordninga er rimeleg, men peika samtidig på at tilstanden hadde festna seg. Ei endring av måtte då «skje ved en lovendring eller ved tiltak fra staten som grunneier.»

Slik reetablering av allmenningsrett vart gjort for Nord-Trøndelag i ein temmeleg lik situasjon med den i Nordland og Troms, sjå Ot.prp. nr. 69 for 1925.

Stortinget gjorde 8. juni 2017 eit oppmodingsvedtak, der regjeringa vart beden om å greie ut «å gi fjelloven samme anvendelse i Nordland og Troms som sør for Nordland grense. …» Dette må bygge på ein føresetnad om at lokalbefolkninga i Nordland og Troms får tilbake dei gamle rettane til allmenningsbruk, slik det skjedde i Nord-Trøndelag.

Samiske reindriftsdistrikt. I Nordland og Troms er stort sett all statsgrunn reinbeitedistrikt. Men det same er tilfelle for statsallmenningane i Nord-Trøndelag og på Fosen-halvøya og i indre delar av Sør-Trøndelag. Også den nord-austre delen av Hedmark fylke er i all hovudsak reinbeitedistrikt.

Av det samla arealet som i dag blir rekna som statsallmenningar, er 30 prosent reinbeitedistrikt. sjå NOU 2018: 11 Ny fjellov s. 45 og 48. Det inneber at svært mykje av statsallmenningane i Trøndelag og i nord-austre del av Hedmark ligg i reinbeitedistrikt, ettersom ingen allmenningar lenger sør eller vest gjer det.

Eit reinbeitedistrikt omfattar også gjerne mykje privat eigedom. Organa etter reindriftslova kan derfor ikkje slåast saman med organa som reint allment har avgjerdsmakt i statsallmenningar eller i andre typar statseigedom.

Om bruk av fjellova i Nordland og Troms: Eg var leiar for utvalet som la fram NOU 2018: 11 Ny fjellov. To av dei tolv medlemmene var utpeika etter innspel frå reindrift og Sameting. Innføring av fjellova nord for Trøndelag var ikkje tema. Men spørsmålet om representasjon for reindrifta er like aktuelt i allmenningar lengre sør, og som ligg i reinbeitedistrikt, sjå NOUen s. 103-105. Forslaget er at fjellstyra som omfattar reinbeitedistrikt, får to ekstra medlemmer som skal veljast av og frå reindrifta i vedkomande reinbeitedistrikt, i tillegg til dei fem medlemmene som elles blir valde. Dette er i samsvar med forslaget i Samerettsutvalet II i NOU 2007: 13 bind A s. 762-765.

Utkastet til ny fjellov legg opp til lokale fjellstyre der medlemmene blir valde lokalt. Fjellstyra er foreslått å ha medlemmer som representerer allmenne interesser, landbruksnæringa, jakt-, fiske- og friluftsliv. Og altså to representantar for reindrifta der dette er aktuelt. Kommunestyra og ulike interessegrupper er tenkt å stå for vala. Det var dissensar i utvalet om oppnemninga. Eg nemner her berre at dei to representantane i utvalet med samisk bakgrunn i desse spørsmåla i hovudsak høyrde til det same mindretalet på fem av dei tolv medlemmene som eg gjorde.

Kommentarer til denne saken