Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det var mottoet til Nordlandsposten (Np) under den tyske okkupasjonen. Np var den einaste avisa som overlevde okkupasjon med pressekontroll og sensur. Mye av grunnen var denne pragmatiske linja, som innebar tilpassing og samarbeid.
Det var langt frå gitt at det skulle gå slik då norske styresmakter kapitulerte i juni 1940. Redaktør Torgrim Røed hadde stått opp mot den tyske angriparen i krigsdagane den våren. Heilt til Bodø vart bomba 27. mai 1940 var han del av ein felles motstand saman med Nordlands Fremtid, NRK og NTB, styrt av regjering og konge i den nordlege, frie delen av landet.
Med tysk okkupasjon i gang og oppretting av eit Ortskommandantur i Bodø, var tida inne for ordning av pressa. To organ for pressekontroll – eitt tysk og eitt norsk – vart oppretta. Det norske styrt av Kultur- og Folkeopplysningsdepartement, med NS og Gulbrand Lunde som sjef. Han fekk på plass eit pressedirektorat og ein pressesensor i kvart fylke. Sistnemnte overvaka og kontrollerte, dreiv såkalla «etterkontroll» og såg til at avisene stod for «den nye tid». Avvik førte til påtale. Enkeltnummer kunne bli stoppa. I verste fall vart redaktørar avsett og aviser lagt ned, og dei styrte også tilsetting og avsetting av redaktørar om nødvendig.
Redaktør Røed (70) hadde lang fartstid i Np, og med det nye regimet var tida inne for å tre av. I tillegg var drifta redusert, sjølv om Np berga eit trykkeri frå bomberegnet. Drifta var redusert. Første nummer etter bombinga 27. mai var berre på eitt ark á to sider. 7. juni-utgåva var på ei side, mens neste nummer 10. juni var det doble. 11. juli skreiv Røed at han la ned penna etter 34 år. «Det er en på mange måter vanskelig tid vi nå lever i, ikke minst for avisene og pressas folk, men forhåpentlig bærer det snart igjen mot lysere tider for land og folk. Med dette ønske sier jeg takk for mig», skreiv han. Året etter gjekk han bort.
Mens Røed planla avgangen forhandla eigaren av Np, Johs. Petersen med Ortskommandanten i byen. Han vart kalla inn på teppet, og når no bladet Nordland og redaktør Syverud også stod på bar bakke, meinte tyskarane at Syverud kunne bruke Petersen sitt. Det vart også diskutert om Syverud kunne overta redaktørvervet i Np, men han ville heller satse på bladet Nordland. Petersen var på si side kjølig innstilt til Syverud. Samtalen framskunda Røeds avgang som stod lågt i kurs hos tyskarane.
Np på si side valte å drive vidare i ureint farvatn under mottoet «en avis må vi ha». No fekk redaksjonssekretær Johan M. Ellingsen ansvaret med å vere redaktør. Dei to sensurinstansane kom stadig med pålegg. I april 1941 måtte han f.eks. forklare korfor fylkesfører Leif Rabbens avslutningstale på NS’ tillitsmannsmøte var redigert og korta ned. Pressesensor Syverud var i harnisk, og rapporterte til departementet at «uhellene i Nordlandsposten» no var så mange at tida var inne for å «sette i kraft straffebestemmelser», det han kalla eit «skudd for baugen». Han ville ta frå dei annonser, altså straffe dei å pungen.
Johs. Petersen fekk gjennomgå i ein anna rapport frå Syverud: «Nordlandsposten blir aldri pålitelig», skreiv han, men referanse til Petersens bakgrunn og eigarskap. Np gjorde «absolutt bare minimum for å etterkomme de rimelige krav», skreiv han også. Syverud meinte vidare at det hjelpte lite «å skrive lojalitetserklæringer til Pressedirektoratet, når viljen mangler så totalt». Hen fekk så beskjed om å passe ekstra godt på Np av Reichskommisariat, og slik vart det. Dette var særleg skjerpande for rettsoppgjøret mot Syverud etter krigen, som vart sett på som ein viktig bidragsytar til einsretting og innskrenking av presse- og ytringsfridom og skaping av eit totalitært regime, både som pressesensor og utpeikt redaktør for Lofotposten i 1942.
Trass i presset mot Np skal vi likevel ikkje frikjenne Np. Samarbeid med regimet lønte seg, og då bladet Nordland gjekk inn i 1943 var Np byens einaste avis, med dei fordelane det gav for annonse- og abonnementsinntekter. Omsetninga nær dobla seg frå 1942 til -45, og då krigen var over hadde bladet avismonopol. Kontrasten til Nordlands Fremtid (NF) var stor. Ap-organet skulle no starte på nytt og konkurrere med Nps 6500 abonnentar. Nps handlemåte reiste dessutan moralske og etiske spørsmål, og Riksadvokatens aviskomité måtte vurdere bot og inndraging av overskotet i Np. I konkurrenten NFs historie heiter det at «33 aviser sviktet», og at mange redaktørar «var i stor tvil om de gjorde rett i å fortsette å arbeide under de forhold som hersket».
Kritikken av Ellingsen og Np var til å ta å føle på, og 15. september 1945 gjekk Ellingsen av. Han forsvarte seg med at han berre ville hjelpe sitt gamle blad i «en vanskelig situasjon» og hindre at «det kom under en uønsket ledelse». Han la til at stillinga for Np då hadde vore «en noe annen og friere enn hva den senere ble», og at om han hadde visst «hvordan det hele vilde utvikle seg», ville han «antakelig betenkt» seg å ta på seg «en slik oppgave». Oppsummeringsvis var han glad for at det «tross all pågang» lyktes det å halde «NS utenfor avisen». Han konkluderte med at «arbeidet i en avis i okkupasjonstiden var litt av et mareritt».
Heile avisoppgjøret smuldra seinare bort og saka mot Np og mange andre blad som heldt det gåande under krigen vart lagt bort. Pressehistorikar Guri Hjeltnes kalla det «oppgjøret som forsvant», og forklarte det som eit resultat av «den brede forsoningens politikk i etterkrigs-Norge». Men som vi såg var det ikkje lett å balansere under einsretting og trong kontroll og sensur. Det visste alle pressefolk som arbeidde under okkupasjonen alt om.
