Gå til sidens hovedinnhold

«Det grønne skiftet»

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kva er «grønt», og kva består «skiftet» i? Jo, vi har fått eit skifte frå 100% billig, rein og stabil vasskraft, som vi no eksporterer, til ustabil, «fornybar» vindkraft, «utsleppsfrie» elbilar og planlagd «grønn» industri som kraftslukande batterifabrikkar og datasenter med få arbeidsplassar.

Kostnadene ved «skiftet» er formidable. Berre i løpet av dei siste 5 åra er det gitt 96 mrd i subsidiar til el-bileigarar (Finansdep.: 19,2 mrd pr. år), og utenlandske og andre vindkraftinvestorar har fått sine milliardbeløp i subsidiar, som vi som straumkundar betaler. Det gjeld grøne sertifikatog kostnader til nye kraftliner til utanlandskablane. Vindbaronane betaler ikkje grunnrenteskatt (Hasse Hope og Frøydis Høgsæt i DN 11.10.19), dei får gratis balansekraft frå vår felles vasskraft når turbinane står pga. for lite eller for mykje vind (Stavanger Aftenblad 10.04.18) Ein planlegg no å elektrifisere sokkelen med landstraum til ein kostnad av 50 mrd. Straumforbruket tilsvarar heile overskottet av vasskraft i løpet av eitt år. (15 TWh), og vil ha null klimaeffekt fordi frigjort gass vil bli seld til god pris på kontinentet. Kostnadene for dette prosjektet er det straumkundane som må betale.

Vindkraft har fleire problematiske sider: mikroplast og Bisfenol A blir spreidd i naturen og med vinden pga. slitasje på rotorblada. Bisfenol A er ein hormonhermar som virkar inn på forplantningsevnen til menneske og dyr. Om lag 1000 km anleggsvegar har rasert den norske fjellheimen pga. utbygginga av vindkraft. (NVE: 800 m veg pr. turbin). Vegane er frå 7 til 20 m breie og ødelegg jord, myr, skog og berg under utbygginga, alt som bind CO2 og metan, som dermed slepp ut i atmosfæren. (Ifølge NIBIO bind all myr på jorda like mykje CO2 som det finst i atmosfæren). Turbinane tar desstan livet av store fuglar, småe fuglar og insekt. Er dette «grønn», «fornybar» kraft?

Vindkraft har miljøkostnader i andre land som sjeldan blir omtala: vindturbin inneheld sjeldne jordartsmetall som neodym og dysprosium, begge brukt som magnetmateriale i elektromotorar. Kina er den største produsenten av neodym med 7000 tonn i året. 12 000 m³ gråberg må til for å utvinne 1 tonn neodym. Restprodukta av produksjonsprosessen er diverse syrer og radioaktivt slam. Alt blir tømt ut i ein kunstig «innsjø» som er over 10 km lang. Dei helsefarlege stoffa sig ned grunnen, og etterkvart til bekkar og vassdrag. Produksjonsbedriften får straum frå eit kolkraftverk i nærleiken. Helseplagane til folk i nærleiken er omfattande og alvorlege (NRK/Urix).

Ein vindturbin inneheld, utanom 400 kg neodym og 80 kg dysprosium, 475 tonn stål, 36 tonn kopar, 2,6 tonn bly, 1,3 tonn aluminium og 400kg nikkel (Tala er frå Norges geologiske undersøkelse/NGU). I tillegg kjem 43 tonn armeringsjern pr. fundament og 400 m³ betong (Vesterålen Online). Utvinninga av alle metall og produksjonen av betong medfører store utslepp av CO2. Korfor blir vindturbinar konsekvent omtala som «grønn» og «fornybar» kraft?

Elbilar er i same kategori som vindturbinar mht. neodym, dysprosium og kopar. I tillegg kjem kobolt og litium, som krev sine gruver og produksjonsanlegg i andre land med tilhørande miljøskadar og utslepp av klimagassar. Elbilar blir av miljøparti og andre omtala som «utslippsfrie» kjøretøy. Dersom natur og miljø har ein eigenverdi, er vindkraft og elbilar verken klima- eller miljøvenlege prosjekt, som til no har kosta oss tresifra milliardbeløp. Tvert om aukar utsleppa av klimagassar globalt, der dei 10% rikaste har ansvaret for 50% av utsleppa – som dei tener pengar på. (Oxfam report 2015/Thomas Piketty og Lucas Chancel 2015).

«Grøn» økonomisk vekst er like ille som annan vekst; begge betyr rovdrift på ikkje fornybare naturressursar og omfattande ødeleggingar av jord og skog. Derfor har vi no hamna i ei akutt miljøkrise, med minkande artsmangfald og fleire truga artar. Jorda vår treng ein pause frå utplyndringa av naturressursar. Eit likevektig, rettferdig system utan krav om økonomisk vekst vil både vi, klimaet og kloden ha best av.

Kommentarer til denne saken