I papiravisa 2. juni har AN gitt nesten ei heilside til det avisa kaller «Trygve Nygaard svarer Brigt Kristensen om Nato». Problemet er at debattanten lar vere å svare på samtlige av dei argumenta eg den 27. mai førte i marka mot klokskapen i å halde fram med å utvide Nato mot Russlands grenser. I staden får vi ein ny runde med stempling og brennmerking.

«Debatt» på dette nivået har ingen fornuftig hensikt. Men for folk som ikkje har lese mitt innlegg, berre dette hos Nygaard: ”..er det slik at sosialister forsvarer sosialister samme fan? Er det derfor du løper Putins ærend?» I mitt innlegg skreiv eg om «Russlands brutale overfall på Ukraina» og «brott på folkeretten». Dette er altså for Nygaard å forsvare Putin! Og Putin sosialist? Han har utvetydig slutta seg til den mørke filosofien til patriarken i Moskva, og ga i grunngivinga for angrepskrigen Lenin og kommunistane skylda for å ha oppretta Ukraina for 100 år sia.