Gå til sidens hovedinnhold

Smart salting?

Artikkelen er over 3 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Sol og kuldegrader over lang tid, tørre og flotte vintervegar overalt. Så kom 2 cm tørr nysnø i løpet av ei natt.

Nysnøen blåste bort der austavinden tok, og resten ville blåst bort av trafikken på R 80.

Men den gang ei: dei svarte uhyra var straks på pletten og formeleg vatna vegane med saltlake, og i vegkantane oppsto småe saltsjøar.

På trafikkerte sidevegar var asfalten bar og tørr. På saltelvene blei bilane etterkvart kvite, uavhengig av originalfarge.

Vegvesenet påstår at dei praktiserer smart salting. I dette tilfellet kunne børsting av vegane vore meir enn tilstrekkeleg, om dei absolutt måtte ut med maskinar.

Kva som var smart med å oversprøyte vegane med salt pga 2cm tørr nysnø, oppfordrar eg Vegvesenet til å svare på.

Kommentarer til denne saken