FN har nett fylt 70 år. Bakgrunnen for opprettinga av FN var redslene frå andre verdskrig. Ein ønskte å fri menneska frå krigen sine grufulle realitetar. I FN pakta vart det opna for at FN i spesielle tilfelle kunne setje inn militære styrkar i FN regi. Den første operasjonen i FN regi var (UNTSO) i 1948 som skulle overvake våpenkvila mellom Israel og arabarstatane. Sidan den gong har det vore ytterlegare 71 FN operasjonar. I dag er det 16 FN operasjonar som er i drift. Totalt er det vel 100.000 FN soldatar i desse 16 operasjonane og i tillegg kjem om lag 25.000 sivile som er knytt til desse operasjonane.

FN har ikkje eigne militære styrkar. Det er medlemslanda FN som må stille soldatar til disposisjon for operasjonane og som må finansiere dei. Budsjettet til FN- operajonane er berre litt større ein eit norsk forsvarsbudsjett, om lag 60 milliardar kroner i året. Som regel er det Sikkerheitsrådet der dei fem stormaktene: USA, Russland, Kina, Frankrike og Storbritannia har vetorett, som fastset kor FN sine fredsbevarande styrkar skal setjast inn.

I dei første åra av FN si historie var det stor optimisme i høve til at organisasjonen kunne bidra til fred ved hjelp av fredsbevarande styrkar. Under den kalde krigen var det ofte vanskeleg å verta samde i Sikkerheitsrådet om kor ein skulle setje inn FN operasjonar. Ein av stormaktene støtta gjerne ein av partane i og kunne setje inn veto mot FN-styrkar. Etter den kalde krigen sin slutt vart det igjen stor optimisme om kva ein kunne oppnå med militære FN operasjonar. Uheldige hendingar i Somalia, Rwanda og Screbrenica der FN kunne gjere lite for å hindre blodbad førte til ein kalddusj. Sidan har det igjen vore ein periode med optimisme. Optimisme, pessimisme og realisme har slik skifta med visse mellomrom i perioden med aktive militære FN operasjonar.

Til å begynne med vart ordet «fredsbevarande styrkar» bruka og observasjon var viktigast. Det var tre grunnprinsipp som måtte ligge føre: Vertslandet måtte gå med på å ha FN styrkar i landet, FN styrkane skulle vera upartiske og nøytrale og FN styrkane skulle bruke minst mogleg makt. Seinare har dette med humanitær intervensjon (R2P – Right to Protect) kome inn i bildet og ein har også godkjent noko meir bruk av militær makt i FN-regi. Ordet fredsbevarande har nå ofte vorte skifta ut med ord som fredsopprettande/ fredsskapande/ fredsstøttande. Ein snakkar gjerne om ulike generasjonar av typar FN operasjonar; frå observasjon til meir skarpe og samansette operasjonar.

Har så FN styrkane bidrege positivt til verdsfreden i dei snart 70 åra slike operasjonar har vore gjeldande? Det finnes fleire døme på at operasjonar har hatt ein stabiliserande effekt: Øst-Timor, Liberia, Sierra Leone og Libanon.På den andre sida kan det og sjå ut som FN vert sitjande med «svarteper» i langvarige konfliktar som ikkje ser ut til å ha noko løysing. Nokre FN operasjonar har til dømes vara i meir enn 40 år: UNTSO i Midt-Austen sidan 1948, UNMOGIP i Kashmir sidan 1949, UNDOF i Syria sidan 1974, UNIFIL i Libanon sidan 1978.

I perioden med FN operasjonar har 150.000 norske soldatar delteke. I dag er det likevel berre snautt 100 norske soldatar att. Dei landa som i dag bidreg mest med FN-soldatar er: Bangladesh, Pakistan, India, Etiopia, Rwanda, Nepal, Senegal, Egypt og Kina. Med andre ord er det Sør-Asia og Afrika som i dag har flest FN soldatar.Ein kommisjon har nett lagt fram ein rapport om framtida til FN styrkar (Jose Ramos-Horta frå Aust-Timor var leiar, medan Hilde Frafjord Johnsen frå Noreg var eit medlemmene). Kommisjonen ser framleis på militære FN-styrkar som viktige. Dei meiner at militære inngrep i større grad må følgjast opp med politiske løysingar. Framtidige operasjonar må verte meir fleksible og avspegle skiftande behov på bakken. Det må verte større vekt på partnarskap for fred og sikkerheit. FN operasjonane må få eit klarare mandat.

Noreg bidreg i dag berre med FN-styrkar på spesielle oppdrag: Leiing/opplæring, feltsjukehus, spesialstyrkar, flystøtte, marineoppdrag. Eg tykkjer kanskje at Noreg og Europa elles burde ha bidrege meir til nåverande og framtidige FN-operasjonar. Det er viktig at alle verdsdelar (ikkje berre Asia og Afrika) er aktive i desse operasjonane. Ein burde vidare kanskje ha bruka FN-operasjonar i dagsaktuelle konfliktar i større grad. Det hadde truleg vore betre at FN koordinerte militære operasjonar i Syria mot ISIL enn at enn rekkje land kvar for seg har eigne opplegg

 

Kjell Risa

universitetslektor

Kronikkforfatteren er universtetslektor ved Fakultet for samfunnsvitenskap, Universitetet i Nordland.