Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Korfor seier det «offisielle Norge» ikkje eit ord om den tredje tyrkiske invasjonen i Syria?
20. januar starta Tyrkia bombardementet av hovudstaden i Afrin-kantonen. Flyåtak og tanks. Afrin har vori fredeleg og trygt. Flyktningar frå andre delar av Syria har derfor fordobla folketalet i Afrin.
Knuse demokratiet
Erdogan er klar på at det første krigsmålet er å knuse det nye demokratiet i Nord-Syria. Befolkninga i den kurdiske landsdelen Rojava starta i 2012 oppbygginga av ei ny demokratisk styreform. Erdogan seier dette demokiratiet er terrorisme.
Vladimir Putin ga klarsignal for bombinga. Og vi må dessverre konstatere at Jens Stoltenberg, toppsjefen i NATO, er med. På den sjette krigsdagen sa han: «Tyrkia har som alle land rett til sjølvforsvar.» (Turkish Daily News 26. 01.2018.)
NATO sjefen seier det er sjølvforsvar når Tyrkia okkuperer eit naboland som ALDRI har gått til åtak på Tyrkia. NATO støttar eit medlem som invaderer nabolandet og bryt FN-pakta og folkeretten.
Lære av fortida
Vi er no i den andre veka av den tredje tyrkiske invasjonen i Nord-Syria. Tida er kanskje inne for å sjå på historiske erfaringar? Historia gjentar seg ikkje, men vi kan lære av fortida.
Den tyrkiske presidenten sa for to år litt om kor han hentar historisk lærdom. «Sjå tilbake på Hitlers Tyskland», sa han. Og fortsette: «Det er allereie nokre eksempel i verda i dag. Og nokre frå fortida. Du ser det når du ser på Hitler-Tyskland.» Han sa dette rett før grunnlovsendringa som samla all makt hos presidenten.
Om vi tar Erdogan på ordet, kan vi kanskje lære litt av korleis statsleiarar i Europa for 80 år sia møtte dei første tyske krava om nye grenser. Hitler tok først Østerrike. Så kravde han litt av nabolandet Tsjekkoslovakia. England og Frankrike forhandla da fred med Tyskland og tvinga Tsjekkoslovakia til å gi få seg landsdelen som låg nærmast Tyskland. Englands statsminister Chamberlain sa at dette vil gi «fred i vår tid». Men det vart innleiinga til den andre verdskrigen.
På feil side
Til heimepublikum snakkar Erdogan om det store Tyrkia som Atatyrk (far til alle tyrkarar) planla i 1920. Nord-Syria er ein del av det Tyrkia som Atatyrk ville skape.
I dag bør vi takke dei fleirkulturelle forsvarsstyrkane i Rojava, YPG og YPJ. Når dei tar opp kampen mot tyrkisk aggresjon, slåst dei for heile verda. Slik dei gjorde da dei knuste IS (Islamsk stat). Først i Kobanê i 2015 og så i Raqqa i 2017.
I Norge står statsminister Erna Solberg (H) på feil side. Når ho, Siv Jensen (FrP) og Trine Skei Grande (V) er tause, går dei i praksis god for den folkerettsstridige krigen som NATO-stormakta Tyrkia fører i Nord-Syria.
Erling Folkvord, medleiar i Solidaritet med Kurdistan