Smart salting?

Av
DEL

LeserbrevNår det snør, kan flya lande på tørr rullebane. På flyplassane blir banen børsta, eventuelt brøyta og børsta. I kontrast til dette er saltbilane i sving på vegane om det så er berre 1 cm snø. Skulle det falle meir snø, pøses det på med salt, slik at vi ein periode kjører på glatt og farleg slaps. Er dette smart og trafikksikkert?

Salting er elendig klimapolitikk, fordi levetida til bilparken blir forkorta med mange år. Bruk av salt er dessutan miljøkriminalitet fordi saltet til slutt hamnar i naturen. Dette slepp vegvesenet å bli straffa for.

Rødt har på programmet eit mål om å gjøre Bodø til saltfri kommune. Kommunen må kjøpe inn materiell med børstar, slik Trondheim kommune har gjort. Den gamle trefeltsvegen er ei utmerkt forsøksstrekning å teste «flyplassmetoden» på. Bruk av salt er fornuftig berre når det er fare for underkjølt regn.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags