Arbeidarpartiet og Alberthaugen

Av
DEL

LeserbrevEg ser at Ann Kristin Moldjord og Morten Melå vil gjere meg til Raudt politikar. Rett nok står eg på 44. plass på kommunevallista, men politikar? Ikkje er eg medlem heller. Nei, det innlegget som eg skreiv, var underteikna med pensjonert rektor på Alberthaugen skole. Og det var ei meining med det.

Eg har brukt nesten heile mitt yrkesliv på det som er blitt Alberthaugen skole, og eg er stolt av det vi har fått til. Svært mange elevar har fått ein arena der dei har fått vise at dei vil og at dei kan.

I bystyret omtala Moldjord det vi dreiv med som 60-talspedagogikk som kanskje verka for 30-40 år sidan. I tillegg skriv dokke at «Vi vet at ungdomstrinnet på Alberthaugen har fungert for noen, men ikke for alle».

Dette kallar eg å snakke ned eit lokalt tiltak som langt på veg har vore ein stor suksess. Då bør dokke i alle fall vite kva dokke snakkar om. Som sentrale politikarar i byen, har dokke eit visst ansvar. Det held ikkje å henvise til at «flere av vore folk har vært der».

Dra på besøk. Snakk med elevar, foreldre og lærarar. Eg er sikker på at skulen vil kunne arrangere dette.

Det er sjølvsagt lov å vere skeptisk til mellomtrinn på Alberthaugen. Kanskje blir dei for mange? Ingen veit heilt korleis det vil bli. Det veit vi aldri med nye tiltak, heller ikkje når det gjeld psykisk helserådgjevarar, eller pedagogiske rådgjevarar. Mellom anna pga av den menneskelege faktor.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags