Nord-Norge på skinner - nå!

Jan Kløvstad

Jan Kløvstad Foto:

Av
DEL

LeserbrevOgså vi i sør må presse på for jernbane i nord. La oss stoppe all planleggging for ferjefri E39 på Vestlandet og spare miljø og mengder av milliardar med el-ferjer der. Det er i nord det må satsast nå.

Femdobling av eksporten av sjømat er argument godt nok. Vegnettet i nord toler ikkje meir. Flyfrakt er det minst miljøvennlege. Forsvarets behov for å kunne ha sikker og rask frakt av materiell og folk mellom Rena leir i Hedmark og militæranlegga i Indre Troms er ein like god grunn. Store delar av jernbaneinvesteringa Fauske-Narvik-Tromsø med sidespor til Harstad) kan finansierast over forsvarsbudsjettet. Det vil trygge Norge, og det vil styrke oss i NATO.

Jernbanedirektoratet har kome med sin rapport. Og sjølv om direktoratet er merkverdig lite oppdatert på veksten i sjømatvolumet, er rapporten god dokumentasjon på behovet for jernbane i nord . Turisttrafikken vil auke, fleire arbeidsmarknadsregionar vil bli styrka. Så kan ein ta ned kostnadene ved å kutte tunnel til Tromsøya. Det har dei ikkje eingong planlagd lokalt!

For Venstre har jernbane i nord vore ein kampsak lenge, heilt sidan Magnar Hellebust si tid med imponerande grundig arbeid på 1970- og 1980-talet.

Eg trur det er klokast å starte frå nord. Tromsø må knyttast til Narvik, og Ofotbanen/Malmbanan som går heilt til Stockholm/Göteborg og vidare ut i Europa. Narvik-Fauske er det dyraste. Det får kome som del to, og med noe av pengane frå forsvarsbudsjettet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags