Malandrinos fridom

Av
DEL

LeserbrevRiccardo Malandrino har lese Rødt sitt prinsipprogram, og det er bra. Han har fått med seg at målet er full personleg fridom i eit klasselaust samfunn - i motsetnad til no. Likevel fryktar han at meir demokrati og fridom vil føre til det motsette, ut frå erfaringar i land der dette har vore forsøkt innført. Han nyttar Chile anno 1973 og Guatemala anno 1954 som døme på ønskesamfunn for Rødt. Der tar Malandrino dundrande feil.

Kort sagt om Chile: Marxisten Salvador Allende blei valt til lovleg president i 1970. Den nye regjeringa nasjonaliserte kopargruvene, bankar og ein del av industrien. Dette blei motarbeidd (boikott etc.) av USA, som via CIA bomba presidentpalasset i 1973 og myrda Allende. USA fikk innsett diktatoren Augusto Pinochet, og med han begynte eit terror-regime med folkemord som varte i 17 år.

Kort sagt om Guatemala: Jacobo Arbenz Guzman innførte ein jordreform som berørte amerikanske interesser. Ved hjelp av flystøtte frå USA og politisk bistand til OAS, blei Arbenz Guzman styrta i 1954. Den nye regjeringa begynte straks med utreinsking av politiske motstandarar og utførte massakrar på bondefamiliar som hadde blitt tildelt jord under Arbenz. Slik fikk dei amerikanske selskapa tilbake «si» jord, som i utgangspunktet låg brakk.

På denne bakgrunnen har Malandrino rett i at visjonar om og arbeid for demokrati og menneskeleg frigjøring vil/kan føre til ei udemokratisk utvikling. Det skal likevel ikkje hindre oss i å arbeide for betre livskår for alle. Vi kan ikkje la oss skremme av at ein mektig stat kan finne på å gripe inn og reversere utviklinga.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags