Gå til sidens hovedinnhold

Alternativ til salt

Artikkelen er over 3 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Påstanden frå Statens vegvesen (SV) om at dei satsar på smart salting, har vist seg å vere ein bløff. Om det snør 1mm eller 5cm – vegane skal ha eit saltbad. Vi har vore heldige denne vinteren med stabilt vinterver, kuldegrader og bare vegar. Innimellom har det kome nokre snøfnugg. Istaden for å nytte det forhatte og miljøskadelege saltet, bør SV skaffe seg redskap med børstar. Når det snør, kan dei børste vegane, som etterpå vil vere like tørre og fine som før. Eg oppfordrar kommunestyret til å vedta Bodø kommune som saltfri og miljøvenleg kommune.

Kommentarer til denne saken