Totalitær tankegang

Av
DEL

LeserbrevFor demokrati? spør Riccardo Malandrinio(RM) i AN den 05.06.19 i debatten om Rødt sitt program. Han kommenterer mitt forrige innlegg mht USA-kuppet i Chile i 1973 slik : «Det måtte nok unngås for enhver pris at Salvador Allende skulle bli en søramerikansk versjon av Fidel Castro». Enda ein gong innrømmer altså RM at han støttar statskupp i USA-regi - og godtar diktatur som konsekvens! Det bør nemnast at den kubanske revolusjonen styrta Batista, USA sin diktator på Cuba.

RM støttar og overvaking av lovleg, politisk verksemd. Han uttrykker det slik i innlegget sitt: «....at Kvandal lett glemmer av at m-l-bevegelsen representerte et farlig og alvorlig fenomen som gjorde at demokratiet måtte ta sine forholdsregler». «Forholdsregler» betyr her overvaking. Det er oppsiktsvekkande at RM forsvarer den politiske overvakinga av venstresida frå 1945. Denne overvakinga blei kjent ulovleg av Lund-kommisjonen! Det er i totalitære land som Kina at borgarane vanlegvis blir overvaka. USA er heller ikkje framand for ulovleg overvaking av eige folk, jf. avsløringane til Assange og Manning i Wikileaks. For Rødt er det utenkeleg å overvake politisk aktivitet til innbyggarane i eit demokrati, og er derfor på kraftig kollisjonskurs med RM sin totalitære tankegang.

Så kan eg vedgå at eg frå 7-årsalderen syntest at USA og NATO var flotte greier. Seinare begynte eg å tenke sjøl, og blei motstandar av NATO og USA sin rolle som verdspoliti. Det betyr at eg er for uinnskrenka demokrati, rettferd og sjølråderett, og er derfor medlem av Rødt.  RM sitt korstog mot Rødt viser at det finst ytterleggåande. reaksjonære synspunkt som det er all grunn til å ta alvorleg, men utan bruk av politisk overvaking.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags