AN plasserer seg i skjørtefoldane til Erna Solberg i store spørsmål som sentralisering og Nato

Av
DEL

Kronikk5. september fann ein innsendar det endelige beviset i AN: Venstreorienterte journalistar bruker media til einsidige åtak på den blå regjeringa.

Den dagen hadde avisa eit romslig oppslag med Synne Bjørbæk mot Høgre si framstilling av det omstridte barnehagevedtaket i Bodø. Same dag stod ein kronikk om forskjellsNorge og ei mindre sak mot kraftkablar til utlandet. Så ille var dette for innsendaren at han foreslo å endre avisas namn til Rødtnytt.

Ettersom forestillinga om dominans for rød politikk i media ser ut til å stå sterkt i enkelte kretsar, kan det vere nyttig å sjå nærare på korleis dei ulike partia slapp til i valkampen. Stemmer bildet som denne innsendaren teikna opp, med AN som eksempel? Først om dekninga av striden om barnehagevedtaket.

Vedtaket i bystyret i Bodø om at nye barnehagar skal vere i ideell eller offentlig regi, blei ein gjengangar i valkampen. Det blei løfta opp i rikspolitikken ved besøk i ein ideell (sic) barnehage i Bodø, først av Siv Jensen og så av Erna Solberg. Verken AN eller NRK og TV2 stilte kritiske spørsmål, heller ikkje det opplagte om korfor ein ideell barnehage av den typen bystyret vil ha fleire av, var valt som eksempel på kor ille Bodøs vedtak ville slå ut.

I rollen som mikrofonstativ opptrådte også AN da Arild Olsen i PBL rykka ut med trugsmålet om at Bodø ville gå glipp av 100 arbeidsplassar om ikkje vedtaket om nye barnehagar blei trekt tilbake. Ein kunne tenke seg at avisa stilte spørsmål ved om denne måten å truge seg til eit anna vedtak i eit folkevalt organ var greit. Eller iallfall ville ta opp ka PBLs reaksjon saklig sett hadde med vedtaket i bystyret å gjøre.

Bodø har full barnehagedekning. Om ein eller to nye barnehagane dei næraste åra skulle komme i offentlig framfor i kommersiell regi, vil det knapt rokke ved PBLs medlemsbase i Bodø (60 % av barnehagane), der også ideelle barnehagar inngår.

Og ka hadde lokaliseringa av eit opplæringssenter for heile landet å gjøre med at eit par framtidige barnehagar i Bodø skal vere enten ideelle eller offentlige?

Men ingen slike spørsmål blei stilt. I staden fikk Bodø Næringsforum og NHO brei plass da dei kasta seg på hardkjøret mot fleirtalet i kommunen. Og på leiarplass var støtten til næringsaktørane og PBL utvetydig.

Så utnytta Høgre mediesuksessen til å kjøre ut, også i sin sentrale kampanje, den grunnfalske påstanden at barn kunne miste barnehageplassen sin etter barnehagevedtaket! Etter talrike oppslag med motsett tendens var det altså at Synne Bjørbæk fikk plass på nyheitssidene for å gå mot Høgre-propagandaen.

Eg har gått gjennom AN dei siste 6 vekene før valdagen. Rødt slapp til med eitt større nyheitsoppslag, to mindre oppslag og ein kronikk, om vi ser vekk frå lesarbreva.

Med unntak av det eine mindre oppslaget stod alt 5. september. Rødt hadde altså eitt oppslag alt i alt dei øvrige 35 avisdagane før valdagen! Dette om Rødt-dominansen i AN i denne valkampen. Du bør helst vere mjuk på labben når du skal generalisere ut frå ein dag i medieverda!

Ka så med fordelinga mellom partia? Ser vi på oppslag med ei positiv vinkling for partia, «vann» Ap med 26 oppslag inkludert tre kronikkar. Høgre hadde 19 oppslag, Frp 11, SV 10, Senterpartiet 8, KrF, MDG og Rødt alle fire og Venstre tre. Men Ap vann suverent også den omvendte tevlinga i AN – eg har notert 22 negative oppslag om Ap i valkampen, inkludert innlegg frå lesarane. Det er svært langt framfor dei andre. Frp var fremst i bruken av Åpen linje. Uten at eg har telt, var overvekta for Frp enda større i overføring frå kommentarfeltet til papir, der AN er svært så raus i gjenbruken.

Så kan ein berre undres på ka som er forklaringa på skilnadene i dekninga av partia i valkampen. Er det dyre og strigla mediekampanjar frå Ap og Høgre som slår inn? Og tilsvarande amatørmessig tilnærming til media frå dei minste partia? Eller er det kanskje mediehusa, dersom AN er typisk, som gir respektfull plass etter størrelse og makt, og ikkje ut frå ei nyheitsmessig vurdering av det kandidatane – og næringsaktørane – har å komme med?

I leiarartiklane plasserer AN seg som regel trygt mellom Høgre og Ap – i fall der er plass. Eller helst i skjørtefoldane til Erna Solberg i store spørsmål som sentralisering og alt som har med Nato og atomvåpen å gjøre.

Min gjennomgang av AN i valkampen tyder på at journalistane, om dei er venstreorienterte som påstått, enten ikkje vil eller ikkje kan dempe det solide høgrepreget som rår også i den daglige nyheitsdekninga.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags