Avisa Nordland trykker injurier rett frå Facebook

OSLO  20140821.
Arne Hjeltnes med boka 90 retter til Ingrid Espelid Hovig under presentasjonen til Gyldendal Forlag høstlansering.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

OSLO 20140821. Arne Hjeltnes med boka 90 retter til Ingrid Espelid Hovig under presentasjonen til Gyldendal Forlag høstlansering. Foto: Berit Roald / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevI samband med at eg vart invitert til å vera med på å skapa nytt liv i det ærverdige gamle bryggeriet i Bodø og endeleg få ein pils laga i byen, var eg i byen og presenterte idear om eit nytt bryggeri.

Det var positivt omtala i Bodø Nu, men fall tydlegvis nokre tungt for brystet. På Facebook kalte ein øl-bloggar meg for svindlar og advarte næringslivet mot å samarbeida med meg.

Dette trykte Avisa Nordland både i ord og i faksimile. Alvorlege og injurierande anklagar som aldri før har vore retta mot meg og som ikkje har rot i det verkeleg livet.

Her er saken som Arne Hjeltnes refererer til.

Det er svært uheldig når snusk frå nettet blandar seg med ukritisk journalistikk, slik det var tilfelle i Avisa Nordland 14.6.

Me kan naturlegvis ikkje ha det slik at drittpakker folk slenger om seg på nettet, kanskje når dei har tatt ein pils, finn vegen rett inn i avisspaltene.

Eg fekk naturlegvis svara på anklagene, men det å få svara på falske anklager, rettferdiggjer naturlegvis ikkje at ein trykker kva som helst.

Det må vera ei strengare standar i medier som har redaktørar og følger vær varsam plakaten.

Eg skal sjølvsagt tåla at alt eg gjer vert undersøkt, men eg skal ikkje tåla at folk som slenger udokumentert injurier etter meg på nettet, skal få stor fin plass i Avisa Nordland.

Det er synd at eit så positivt prosjekt, der me berre ynskjer å skapa arbeidsplassar og eit spanande lokalpatriotisk ølprosjekt, skal presenterast i media med snusk frå internettet.

Me gler oss til å ta fatt i Bodø og håpar at me slepp å måtte bruka tid på det som kokar i kommetarfelta på Facebook.

Arne Hjeltnes

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags