Norske bøker og filmar om 2. verdskrig

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er i år 80 år sidan den andre verdskrig starta i Noreg og 75 år sidan krigen slutta. I samband med dette har Bodø Krigsminnemuseum ein foredragsserie på museet fram til mai. I februar vil statsvitar Kjell Risa halde eit foredrag om norske bøker og filmar frå 2. verdskrig.

Det er gitt ut om lag 5.000 norske bøker om andre verdskrig. Jamvel om det i år er 75 år sidan krigen slutta, kjem det framleis ut 50 til 100 bøker årleg om krigen.

Krigslitteraturen kan vi dele inn fem-seks grupper.

Den første gruppa av bøker er akademisk faglitteratur skreve av forskarar ved høgskolar, universitet, museer og andre institusjonar knytta til krigsrelaterte emner. Eit døme her kan vere Linda Haukland si bok om «Hverdag ruinene - Bodø 1940 – 1945».

Den neste gruppa av sakprosa er skreve av journalistar og andre som ikkje er knytt til akademiske institusjonar. Desse skriv gjerne om spesielle tilhøve knytt til krigen som spesielt opptek dei sjølv. Eit døme her kan vere Asbjørn Jaklin si bok om kampane i Narvik: «Kampen om Narvik, 62 desperate dager».

Den tredje gruppa som skriv sakprosa om 2. verdskrig er lokalhistorikarar ofte knytt til ei krigshistorisk gruppe, ei gruppe for slektshistorie, ei gruppe for bygdebøker/ årbøker eller liknande. Det er skreve mange bøker om lokale hendingar og episodar frå mange kommunar og lokalsamfunn. Eit døme her kan vere Kjell Bakken og hans bøker om Fauske under 2. verdskrig.

Ved sidan av sakprosa om 2. verdskrig er det og mykje skjønnlitteratur som omhandlar spesielle tilhøve kring 2. verdskrig. Mest kjend dei siste åra er truleg Jon Michelet sine romanar om En sjøens helt, skogsmatrosen Halvor Skramstad. Denne romanserien har i stor grad sett fokus på kåra til norske sjøfolk i utanriks fart under og etter 2. verdskrig.

Mange kriminalbøker har tema om 2.verdskrig. Det finnes og mange fine dikt med tema frå 2. verdskrig, til dømes fleire dikt av Nordahl Grieg.

Når det gjeld filmar om 2. verdskrig, så er det meir oversiktleg, det er 50 - 75 norske filmar i denne kategorien.

Vi kan og dele filmane i fleire grupper. Den første gruppa er kinofilmar. Dei første filmane om krigen kom allereie i 1946 og i 2020 kjem det framleis eit par kinofilmar om 2. verdskrig, mest interessant er kanskje ein film om kampane i Narvik.

Blant dei første filmane kan vi nemne «Blodveien» om jugoslaviske krigsfangar i Saltdal. Av nyare filmar kan vi nemne «Kongens nei» og «Den 12. mann» (om flukta til Jan Baalsrud i Troms)

Ei anna gruppe filmar er TV - seriar om 2. verdskrig. For eit par år sidan kom serien om «Operasjon Muskedunder» (om Sverre Granlund og andre sin aksjon i Glomfjord og flukt gjennom Beiarn og Saltdal)

Det finnes mange you-tube snuttar om 2. verdskrig. På Krigsminnemuseet i Bodø har vi til dømes bruka eit par av desse med opptak og intervjuer med krigsseglarar i utanriks fart under 2. verdskrig.

Når det gjeld videoproduksjon, må serleg Knut Kosmo nemnast. Han laga på 1990 talet ei rekkje med dvd-ar om lokale hendingar under andre verdskrig. «Bodø i flammer», «Bodø under okkupasjonen del 1 - 3», «Krigen i Salten», «Krigsveteranene forteller». Dette er eit sers viktig materiale med unike bilete og intervju.

I foredraget vil det og verte stilt nokre spørsmål:

⁃ Kva kan forklare det store omfanget av bøker og filmar frå 2. verdskrig?
- Vil det framleis kome ut bøker og filmar om 2. verdskrig i 2045? (100 år etter at 2. verdskrig tok slutt)
- Er det viktig å ha kunnskapar om 2. verdskrig og kva kan desse kunnskapane

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags