Gratulerer Nord universitet!?

Dessverre greier ikkje universitetet å følgje opp sine eigne vakre ord når det gjeld å ta vare på begge dei norske målformene, bokmål og nynorsk.

Dessverre greier ikkje universitetet å følgje opp sine eigne vakre ord når det gjeld å ta vare på begge dei norske målformene, bokmål og nynorsk. Foto:

Av
DEL

LeserbrevStyret for Nord universitet vedtok i september 2018 "Språkpolitiske retningslinjer". Her har Nord universitet gjort eit forpliktande vedtak for å gje norsk ein god plass – særleg i høve til engelsk, og ikkje minst å ta på seg eit ansvar for lule- og sørsamisk språk. Her skal eg la det siste ansvaret liggje, det fortener ein eigen kommentar.

Ansvaret for å fremje norsk språk ved universiteta finn vi både i Lov om universitet og høgskolar og i Lov om målbruk i statstenesta, med føringar både frå Språkrådet, Universitets- og høgskolerådet og Stortinget.

Norsk språk har som kjent to offisielle målformer nynorsk og bokmål, og når Nord universitet nyttar nemninga "norsk" må vi rekne med at dette gjeld begge målformene.  Dermed kan vi lese dei positive retningslinjene slik:

- "Norsk, nynorsk og bokmål, er primærspråket ved Nord universitet."

- "Undervisningsspråket ved Nord universitet skal normalt være norsk, nynorsk og bokmål."

-  "Studenter forventes å kjenne til og kunne bruke fagspråk både på norsk, nynorsk og bokmål,  og engelsk."

- "Universitet skal oppfylle sitt formidlingsansvar overfor allmennheten ved å kommunisere forskningsbasert kunnskap på norsk, nynorsk og bokmål."

Desse positive formuleringane om norsk språk vil setje Nord universitet i fremste rekkje når et gjeld å utvikle eit norsk akademisk fagspråk, på nynorsk og bokmål. Det vil også sikre studentane sine rettar, og det vil gjere begge dei norske målformene synlege i universitetet si utoverretta verksemd.  Så langt er dei språklege retningslinjene til Nord universitet eksemplariske.

Men dessverre greier ikkje universitetet å følgje opp sine eigne vakre ord når det gjeld å ta vare på begge dei norske målformene, bokmål og nynorsk. For å ta konklusjonen først – med litt nordnorsk kraft: Her drit universitetet i sine eigne retningslinjer!

Nord universitet sendte i januar 2019  inn ein årsrapport til Språkrådet som syner at Nord universitet i praksis IKKJE brukar nynorsk. Nord universitet gir ein god dag i sine eigne retningslinjer og i målloven. Rapporten syner på dei fleste områda 0 prosent nynorsk! På dette viset stiller Nord universitet seg i praksis i attraste linje når det gjeld å vere med på å utvikle eit norsk fagspråk, å gje dei tilsette mogelegheiter til å bruke sitt norske fagspråk, å gje studentar tilbod om å lese, skrive og utprøve eit norsk fagspråk – og her brukar eg norsk i tydinga nynorsk.

Studiestader som i dag utgjer Nord universitet, har tidlegare vore i front når det gjeld å utvikle og bruke ein nordnorsk og trøndsk nynorsk. Nesna lærarskole gav ei svært god nynorskopplæring frå starten, og Levanger lærarskole gjorde det same. Men når vi i dag tar ein kik på studieplanane, finn vi knapt eit nynorsk ord. Eit lite unntak er nokre få ord OM nynorsk i norsk-studieplanane. Elles finn eg ikkje eitt ord PÅ nynorsk i studieplanane. Det skjer mykje positivt med nynorsk i skoleverket no for tida, og her bør i alle fall lærarutdanningane sjå si besøkstid og vere med på å forme ein framtidig nordnorsk (og trøndsk) nynorsk-plattform.

Nettsidene til Nord universitet er begredelege når det gjeld dei to målformene. Ein skal verkeleg leite for å finne at universitetet har følgt opp med nynorsk-artiklar. Men to heiderlege unntak må framhevast. To av dei medieansvarlege, Bjørnar Leknes og Per Jarle Elle, skriv eit par gode nynorsk-artiklar. La desse to få halde fram med å skrive fleire av - gjerne alle - artiklane sine på nynorsk!! Samtidig bør dei administrative leiarane ved Nord universitet gå i bresjen ved å nytte nynorsk i sine artiklar, slik universitetsleiinga lenger nord gjer i ny og ne. Og så bør det leggjast ein strategi for dei andre språkpolitiske områda. Legg gjerne litt prestisje i å vise dokker betre enn kollegaene i nord når det gjeld å gje nynorsken det rommet dokker sjølv proklamerer, i akademia.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags