Post Nesna

Vedtaket i Nord universitet om å leggja ned dagens aktivitet på Nesna har også sett på dagsorden viktige regional – og utdanningspolitiske tema.

Vedtaket i Nord universitet om å leggja ned dagens aktivitet på Nesna har også sett på dagsorden viktige regional – og utdanningspolitiske tema. Foto:

Av
DEL

KronikkNesna kommune og Folkeaksjonen for høgre utdanning på Helgeland arrangerer 27. august ein konferanse om regional-  og utdanningspolitiske konsekvensar av ei nedlegging av høgre utdanning på Nesna. UiT blei invitert til å delta i konferansen fordi vi har mange campus i heile Nord-Noreg. Etter ei samla vurdering, er UiT komen til at vi ikkje bør delta på konferansen. Eg skal kort gjera greie for dei viktigaste poenga i innlegget eg hadde førebudd.

Reetablering av profesjonshøgskular ikkje svaret

Strukturreforma i høgre utdanning har viktige regional – og utdanningspolitiske konsekvensar som er vel verdt å drøfta. Vedtaket i Nord universitet om å leggja ned dagens aktivitet på Nesna har også sett på dagsorden viktige regional – og utdanningspolitiske tema. Strukturreforma byggjer på verdien av ei akademisering av bachelorutdanningar i velferds- og ingeniørprofesjonar, samt på at mastertillegg erstattar etterutdanningar og kurs i dei same faga. Akademiseringa byggjer på utvikling av praksisnær forsking. Utgangspunktet var gjerne små fagmiljø med entusiastiske undervisarar med basis i profesjonane. Dei blei verande, gjorde ein kjempejobb, men for mange forska lite. Den danske strukturreforma inkluderte ikkje slike høgskular. Reetablering av profesjonshøgskulane er post Nesna lansert av både Klassekampen og Nordlys, har også blitt tala for på Helgeland og er inspirert av den danske modellen.  Eg støttar ikkje denne ideen. Eg kan vera med på at obligatoriske praksisår t.d. kvart femte år kan vera eit alternativ til forskingsekselens for undervisarar knytt til dei klassiske profesjonsutdanningane. Men vi må ikkje utdanna moderne seminaristar.

Desentralisert utdanning sjeldan svaret

Det var ingen som fusjonerte for å få fart på desentraliserte utdanningar, dvs. utdanningstilbod basert på få tilsette utanfor studiestedane. Slike var heller ikkje viktige grunngjevingar for strukturreforma. Det var mye vi ikkje visste  vi som deltok i desse endringsprosessane, men vi visste at den beste grunngjevinga for ein fusjon mellom ein liten høgskule og eit universitet, var at den ville styrka dei mange gode og ofte små fagmiljøa på den enkelte skule. Dette har skjedd mange stader, men det er også ei innsikt at for å få dette til må det jobbast systematisk med campusutvikling. Å utvikla fagmiljø i Alta, Narvik og Harstad handlar om det same som å utvikla fagmiljø i Tromsø. Men også om noe meir og anna, og dette er campusutvikling. Når politikarar gjer post Nesna til eit spørsmål om å utvikla desentraliserte utdanningar, så er dette feil fokus og uheldig med sikte på å realisera det strukturreforma skal gjera. Det er uheldig fordi desentralisert utdanning kan baserast på ei handfull tilsette der studentane av og til er innom og vil medføra ei nedbygging av mange tidlegare høgskulemiljø. Så er det sjølvsagt viktig å få til langt meir desentralisert utdanning enn det vi får til i dag. Men dét handlar om noe anna enn å byggja sterke universitetsmiljø desentralisert, med dei konsekvensane slike miljø har regionalt og lokalt.

Dei beste driv campusutvikling

UiT har henta inspirasjon til vår campusutvikling frå Uppsala universitet (UU). Det er Nordens eldste og beste universitet. Det fusjonerte med Høgskolen på Gotland i 2013, og UU gjennomførte ein analyse av universitetet sin muligheiter for å få til fullverdige utdanningar og forsking på Gotland. UU gjorde dette gjennom den etter kvart så kjente forskingsevalueringa KOF17. Det blei slått  fast at universitetet måtte organiserast og utvikla verkemiddel for å unngå fragmentering mellom fagmiljø i Uppsala og i Visby, og for å hindra fragmentering på Gotland. Faren for  siste blei oppfatta som sterkare på eit campus utanfor hovudcampus. UU slo også fast at universitetsmiljøet på Gotland ikkje måtte bli eit mini Uppsala. Det vart starta ei jakt på særpreg i fagmiljøa og utvikling av relasjonane til lokalt og regionalt samfunnsliv. Og det vart slått fast at det var for mye desentralisert utdanning frå Visby. 

UiT har følgd modellane og erfaringar derifrå. Desse krev at universitetsstyret har ei meining om det kan utviklast fullverdige miljø på eit campus, at det vedtar utviklingsprogram for å få dette til der det er muleg, lokal leiing og nye relevante møtearenaer.  UiT har gjort dette, har gode erfaringar – men sjølvsagt er det mange utfordringar framover. Så skal det leggjast til at styresmaktene i Sverige styrer universiteta meir direkte enn i Noreg. Det svenske departementet har gitt UU eit klart oppdrag: Det skal utvikla eit akademisk miljø for fullverdig utdanning og forsking på Gotland.

UiT på Helgeland

Stortinget gav UiT 1968 eit landsdelsansvar eller eit samfunnsoppdrag som gjeld heile Nord-Noreg. Dette følgjer vi opp i «Drivkraft i nord» som er vår gjeldande strategiplan. Ingen delar av Nord-Noreg er noen stadar framheva eller ekskludert. Vi er også involvert på Helgeland. Dei siste tala viser at 13 prosent av studentane frå Helgeland studerer hos oss. Vi uteksaminerer om lag 100 kandidatar med oppvekst på Helgeland kvart år, 50 av dei tar jobb på Helgeland.  Derfor er debattar om høgre utdanning og forsking som omhandlar Helgeland viktige for UiT. Vi ikkje berre ønskjer å delta i slike diskusjonar. Vi er forplikta til det.

Så er det eit stykke frå å snakka om ein situasjon til å gjera noe post Nesna. UiT er ikkje der i dag. Desentraliserte tilbod vil i framtida vera enkle for alle å etablera. Også frå UiT og på Helgeland. UiT har også gjort det klart at vi ikkje har noen planar om å  overta aktiviteten til Nord universitet på Nesna, og at denne posisjonen ikkje blir endra før Kunnskapsdepartementet ber oss om å vurdera å endra den.

Eg har registrert gjennom mange år at universitet og høgskular med adresse i sør både har møte med regionale aktørar og opererer i t.d. Aust-Finnmark og i Midt-Troms. Eg ser også at VID vitskapelege høgskule er i dialogar med interesser i Sandnessjøen.  Eg har aldri registret noen sterke negative reaksjonar på slikt. UiT har mange erfaringar med relevans for utviklinga på Helgeland. For ein god debatt om høgre utdanning og forsking på Helgeland ser vi fram til å leggja fram synspunkta i denne kronikken og meir konkrete erfaringar frå campusutvikling også på lokale arenaer på Helgeland.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags