Fordreide sitat og alternative fakta

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Walter Meyer Pedersen-Leijon hevdar i eit lesarinnlegg i Avisa Nordland den 30/5 2017 at UiT underkommuniserer og fortier nordnorsk historie. Det er ein påstand utan hald i verkelegheita. Heilt sidan etableringa av UiT Norges arktiske universitet i 1972 har ulike sider ved nordnorsk historie og samfunnsliv vore forska på, formidla og drøfta av historikarar, arkeologar, samfunnsvitarar, juristar, språk- og kulturvitarar. Å nå ut med kunnskapen har vore og skal vere ein sentral del av det vi driv med. Ny kunnskap rokkar ved gamle sanningar og kan vere provoserande, det skaper engasjement og debatt. Det er bra. For nokon blir engasjementet så sterkt at dei går på akkord med fakta, det vere seg fremme påstandar det ikkje er grunnlag for, ta påstandar ut av samanheng eller fordreie sitat. Slik skapast alternative fakta.

Pedersen-Lejon går på akkord med fakta fleire stader i sitt innlegg. Eg skal her konsentrer meg om det som omhandlar helgeintervjuet med meg i Nordlys den 20/5 2017. I sitt innlegg skriv Pedersen-Lejon om meg slik: «Han slår fast: "Det handler ikke om hvem som befolket området før de nåværende statsgrensene ble trukket i 1751. Det er uomtvistelig at samene da var på Nordkalotten".»

Dette er eit fordreia sitat, tatt ut av samanheng og stemmer ikkje med det som Nordlys skreiv. På spørsmålet: «- Kronargumentet er at samene ikke var de første som befolket Nord-Norge. Er det rom for tvil om dette?» Svarte eg følgjande: «Begrepet urbefolkning handler ikke om hvem som var først. Det handler om hvem som befolket området før de nåværende statsgrensene ble trukket i 1751. Det er uomtvistelig at samene da var på Nordkalotten. Om de kom dit 500 år før Kristus eller 1000 år etter, er ikke relevant. De befolket og brukte området da statsgrensene ble trukket.» Dette var oppfølging av eit spørsmål om samane som Norges urfolk, noko eg sa det ikkje var tvil om.

Omgrepet urfolk (urbefolkning) er ein folkerettsleg term som mellom anna blir nytta i FNs erklæring om urfolks rettar (2007) og i FN-organet ILO sin konvensjon nr. 169 (1990), ein konvensjon Stortinget ratifiserte same år. Det er politisk vedtatt av Stortinget at samane er urfolk . Det blei gjort ut frå ein folkerettsleg forståing av kva urfolk er og at alle vilkåra som skal til for at ei folkegruppe kan definerast som urfolk var tilstade. At folkegruppa var til stade før dei noverande statsgrensene blei fastlagt er altså bare eit av fleire vilkår. Sidan 1990 har samane sine rettar som urfolk blitt innarbeid i statsforvaltninga, i lovverket og i rettspraksis.

Like feil blir det når Pedersen-Lejon hevder at «Zachariassen stiller ikke spørsmål om flere etniske grupper befolket området, og om deres potensielle rettigheter.» For det første ble eg intervjua og svarte på spørsmål frå journalist Asbjørn Jaklin. Dernest er formatet på helgeintervjuet av ein slik karakter at ein ikkje kan svare like omfattande på alle spørsmål. Sist, men ikkje minst, blei kvenane sin historie og rettar tatt opp i intervjuet. På spørsmål om kvenane burde hatt status som urfolk svarte eg: «- Jeg mener at dagens løsning for kvenene, med status som nasjonal minoritet, er den beste. Det var noen kvener i Nord-Norge allerede da grensene ble trukket i 1751, men hovedinnvandringen kom senere.»

At det var ei samisk befolkning på Nordkalotten før 1751 betyr ikkje at dei var dei einaste som nytta desse områda. Mange stader i Nord-Norge var det før 1751 både ei norsk og kvensk befolkning i tillegg til den samiske, og mange plassar levde desse tre folkegruppene side om side og utnytta dei same ressursane. At det var kvenske samfunn i Nord-Troms og Finnmark før dei noverande riksgrensene blei fastlagt, har mellom anna historikarane ved UiT forska på og formidla.

Eg og minne kollegaer deltar gjerne i ordskifter om ulike sider av nordnorsk historie, og så lengje det gjerast på ein sakleg og reieleg måte er det heilt i orden å vere usamd om tolkingar og konklusjonar. I det lange løp er ingen som er tent med eit ordskifte basert på alternative fakta.    

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken