Nordland har noko av den rikaste utmarka i landet

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

KronikkBerre vel 1 prosent av Nordland er jordbruksareal. Det meste av fylket er utmark. Her ligg det store areal som kan brukast i matproduksjon, men haustinga kan berre gjerast av beitedyr. Nordland har noko av den rikaste utmarka i landet.Tal frå prosjektet «Arealrekneskap i utmark» ved Norsk institutt for bioøkonomi, viser at vel 16 millionar dekar eller 46 prosent av landarealet i Nordland kan nyttast som beite for husdyr. Det vil seie at det frå desse areala kan haustast fôr som gjev tilvekst hos beitedyr. Om lag 14 prosent av landarealet er i beste beiteklasse, svært godt beite. Det er ein god del høgare enn gjennomsnittet for heile landet, og nest høgast av alle fylka berre overgått av Troms.

Innafor fylket er det stor variasjon i beitekvalitet. Dette har i første rekkje sam¬an¬heng med berggrunn, lausmassar, topografi og klimatiske tilhøve. Det meste av fylket har berggrunn og jordsmonn som gir utmarksbeite av høg kvalitet. Indre Helgeland og indre Salten har eit svært godt beitepotensiale i skogregionen og i fjellet. Også store delar av Lofoten og Vesterålen har god beitekvalitet og godt kultiverte beite. Ofoten, Nord-Salten og ytre delar av Helgeland har store, samanhengande ¬område med fattige bergartar, grunnlendt mark og mest skrinne beite. Her er det likevel store variasjonar, for ofte finst det produktive beiteareal på skredjord i fjellsidene. Dei rike utmarksbeita i engskogar og opne fjellier krev høgt beitetrykk dersom ein skal ta vare på grasrikdomen som tidligare tiders utmarkshausting har skapt.

Utmarka er viktig for landbruket i Nordland. Denne «gratisressursen» er eit vilkår for lønsemd i sauehaldet. Storfehaldarar ser no også meir mot utmark som del av fôrgrunnlaget for spesialisert kjøtproduksjon. 24 000 storfe, 213 000 sauer, 4900 geiter og 840 hestar gjekk meir enn 5 veker på utmarksbeite i 2015. 45 prosent av driftseiningane i fylket hadde sau i utmark og 31 prosent storfe. Nordland har også tamreindrift med eit samla reintal på om lag 15 000. I tillegg kjem det inn rein på barmarksbeite langs riks¬grensa frå svenske samebyar i Norrbotten og Västerbotten. Utmarka er eit felles matfat som også må delast med gode bestandar med elg.

Det er store ulikheiter i beitebruken i fylket. Vesterålen har størst tettheit med sau, og det går jamt med sau også i Lofoten og på sørsida av Skjerstadfjorden med Saltdalen og Beiardalen. Hattfjelldal, Hemnes og Rana er saman med Hadsel og Vestvågøy dei kommunane som har mest sau i Nordland. I Ofoten, Nord-Salten og sør på Helgeland er det lite sau. Dersom ein brukar sau som måleeining, viser berekning av fôrproduksjonen i utmark i Nordland at fylket kan ha plass til vel 1 million sauer. Ut frå fôruttaket i 2015 ser det ut til at knapt 1/3 del av ressursen vart utnytta. Det er likevel viktig å vera klar over at utmarksbeitet ikkje er ein uendeleg ressurs. Ved planlegging av beitebruk og omdisponering av areal til andre formål som til dømes hyttebygging, må det takast omsyn til dette.

Det meste av vegetasjonsbiletet i utmarka i Nordland er ein arv etter tidlegare tiders veldig intensive utmarksbruk. Fylket har store skoglause areal, som ligg under den klimatisk potensielle skoggrensa. Dette gjeld særleg i kyststrok, og utgjer samla 17 % av fylkesarealet. Ei stor landskapsendring er mange stadar på gang dersom beitetrykket blir for lågt. Attgroing vil redusere verdien av areala både med omsyn til beite, biologisk mangfald og landskapsoppleving. Beiting påverkar vegetasjonen gjennom avbiting, trakk og gjødsling. Det er i første rekkje grasartar som blir fremma av slik påverknad. Ved lågt beitetrykk skjer det endringar også i markvegetasjonen. På beste marka kjem høgvaksne urter og bregner inn og skuggar ut graset. For lite beitedyr er oftast situasjonen i Nordland no. Beitekvaliteten som generasjonar med beitebruk og utmarksslått har skapt blir derfor sakte redusert på store areal. Utmark må brukast skal beitekvaliteten takast vare på.

Utmarksbeite byr på mange utfordringar. Andre arealbrukarar som utbyggingsinteresser, vern av natur og rovdyr, jakt og friluftsliv, vil no vera med å avgjera korleis utmarka skal forvaltast Det går ikkje utan konflikter. Færre gardsbruk og større buskapar gjev ei utfordring i organisering av utmarksbruken. Her støyter rettar tileigna frå 1800-talet mot dagens behov. Det er no viktig å utvikle driftsformer for bruk av utmark inn i eit moderne landbruk, driftsformer som ser den totale ressursen i inn- og utmark i samanheng. Ei rik utmark gjev mulegheiter til næringsutvikling. Trendar hos norske forbrukarar tyder på at det kan vera muleg å ta ut ein meirverdi for produkt produsert i rein og vakker natur, med god dyrevelferd. Ikkje minst er kortreist mat med lokalt serpreg viktig i utvikling av lokalt reiseliv. Kjøt frå utmark står fram som eit eksotisk produkt etter kvart som jordbruket vårt blir meir og meir industrialisert.

Dagens regjering står bak målet om å auke den norske matproduksjonen i takt med befolkningsauken. Det må da produserast 1 prosent meir mat per år. Skal denne produksjonsauken skje med basis i norske ressursar må utmarka brukast. Det medfører eit særleg ansvar for dei bygder som har dei beste ressursane. Det står ofte i dokument frå Landbruks- og matdepartementet at landbruket skal utnytte dei «regionale fortrinn». Kva følgjer skal ei grøderik utmark få for vidare utvikling av landbruket i Nordland?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags