Gå til sidens hovedinnhold

Splinten og bjelken

Artikkelen er over 3 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

På debattsidene i AN opererer tre forsvararar av israelsk okkupasjon og overgrepspolitikk: R. Malandrino, Ø. Aalstad ( som forvaltar Sanninga) og Linda Mathisen. Dei har det til felles at dei har berre ei forklaring på ufreden i området: Hamas og palestinarane. Ettersom dei framstiller seg som religiøse (kristne?), minner det meg på Matt. 7.3: -Korfor ser du splinten i din brors auge, men ikkje blir var bjelken i ditt eige auge?

Bjelken gjør desse tre debattantane blinde for det andre ser: dei israelsk-jødiske menneskerettsorganisasjonane B`Tselem, Peace Now og Breaking the Silence avslører regjeringas politikk om å segregere palestinarar frå israelarar på Vestbreidden, og om å isolere palestinske byar og landsbyar frå kvarandre. Dei påpeikar at Israel bygger stadig fleire ulovlege bosettingar, med flotte vegar imellom, men som er forbode for palestinarar. Etter mi meining er alt dette apartheidpolitikk i praksis. Organisasjonane rapporterer vidare om daglege trakasseringar av og overgrep mot palestinarane, alt grundig dokumentert gjennom fleire videoopptak. (Dette kan alle sjekke). Internasjonale menneskerettsorganisasjonar som den amerikansk-jødiske Jewish Voice for Peace, Human Rights Watch og Amnesty International stadfestar brot på fleire av menneskerettane og internasjonale konvensjonar. Dei som vil sette seg inn i korleis livet artar seg for eit folk under okkupasjon, vil ikkje bli klokare av å reise til Israel.

Overgrepa mot dei uvæpna demonstrantane på Gaza, med over hundre drepne og fleire tusen skadde, har vel dei fleste fått med seg. Mange blei skotne i ryggen på lang avstand. Demonstrantane viste verda at dei er til, og at dei lever under ein drepande hard israelsk blokade. Israel med vennar gir likevel Hamas einsidig skylda for denne situasjonen. Denne reaksjonære, islamistiske organisajonen har sine svin på skogen, men er og Israels ektefødde barn! Den blei skapt med pengar og opplæring frå Israel for å skape ei motvekt til PLO. (jf. tidlegare brigadegeneral Yitzhak Segevs intervju med NYTimes, Yasser Arafat/avisa L’Espresso og Washington Post om same tema).

Ingen kan bortforklare det Israel har gjort. Andre land ville ha vore hardt straffa av det internasjonale samfunnet for tilsvarande brotsverk, men Israel går fri av ein grunn: dei får lov av USA.

Kommentarer til denne saken