Gå til sidens hovedinnhold

Byutvikling og konstruerte motsetningar

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Hans Trygve Holm vart inspirert av mine innlegg under Lytring forleden. Det er bra, men då må han ikkje rive poeng ut av samanhengen. I ein kronikk nyleg presenterte eg ei av dei utfordringane Bodøs byutvikling har stått overfor sidan 1970-talet, blant anna at byen vart spreidd langs ein veg, og folk levde liva sine i suburbia. Spesielle forhold som jordvern, vern av friluftsområde og flystøy skapte denne stoda og førte til at storparten av befolkninga måtte finne seg i å bu utafor bykjerna. Det førte til at byen vart død, særleg på kveldane. Innlegget hans om stoda då han kom til byen frå Finnmark i 1986 stadfesta framstillinga. Byen hadde eit utelivstilbud «omtrent på nivå med de tre diskotekene, et par puber og et par spisesteder som var hjemme i Hammerfest». Han la til: «Som student var det likevel nok til at vi titt og ofte var «på byen» i Bodø. Men sentrumslivet på kvelden var stort sett ikke mer enn oss studenter og lokale utelivshelter». Ute på sine lufteturar med hunden nyleg kunne han sjå at så ikkje var tilfelle lenger. Det syda av liv langs kaiene, som attpåtil var blitt meir tilgjengelege i dag enn då han kom til byen. No kan vi begge gle oss over at utelivet har tatt seg opp, og at det har komme fleire nye innbyggarar inn til bysentrum og skapt eit meir pulserande byliv er vi einige om. Han treng ikkje konstruere ei motsetning om det.

Eg har heller ikkje meint som Holm hevdar at alt var betre med Bodø før. Viss han hadde følgt med i debatten ville han merka seg at mine bekymringar ikkje handla om det, men om at det fanst visjonar for kva eit godt byrom er ut over uteliv og passasje langs kaiene for ein hundeeigar frå Vestbyen. Blant anna handla det om korleis vi skaper gode byrom for folk som skal bu i dette byrommet og om visjonar som har eksistert i uminnelege tide om demokratisk fordeling av lys og sol. Som ein som har forska på dei tidlegare byplanane var poenget å informere sakleg om korfor det var tenkt slik det var tenkt før, slik at dagens debattantar, eigedomsutviklarar og politikarar, og den allmenne offentlegheita skulle kunne vurdere slike idear. Ut frå reaksjonen til Holm kan ein få inntrykk av at han personleg meinte det var dårlege idear, og at alt er betre no.

Det er bra at den største lokalavisa i byen deltar i debatten om byutvikling, og at ikkje all spalteplass blir brukt til eigedomsformidling i alle sine former. Mange skulle nok ønska seg at journalisten Hans Trygve Holm også brukte sitt kritiske blikk på andre sider ved sentrumsutviklinga som gentrifisering, mangel på sosial boligbygging og framlegg om tapping av viktige sentrumsfunksjonar både knytt til handel, kultur/underhaldning og offentlege funksjonar. Som lærar ved byens universitet ser eg dessutan at byen manglar studentby-preg. Det er dessverre slik at dei færraste av mine studentar brukar bysentrum, slik det var for Holm i 1986 i nokon utstrekt grad. For at Bodø skal få eit betre samspel mellom universitet og by trengs det sterkare lut til, men det er ein annan debatt som AN også snart må ta. Her kjem den nye bydelen inn som eit sentralt element. I mellomtida må Holm prøve å balansere sine eigne synspunkt slik at han ikkje einsidig går laus på dei som stiller spørsmål ved utviklinga. Det kan føre til at avisa blir sett på i eit uheldig lys, særleg blant dei som ikkje har ei hand på rattet i byutviklingsprosessen.

Les også

Er AN ei logrende vaktbikkje?

Kommentarer til denne saken