Gå til sidens hovedinnhold

Byplanlegging som utopi

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Då den britiske forfattaren Thomas More lanserte verket «Utopia» i 1516 skildra han ei perfekt idealverd. Ordet utopi vart brukt som framtidsdraum for første gang. Seinare har vi brukt ordet om våre visjonar for eit godt samfunn, men òg som skjellsord for ein uoppnåeleg, litt naiv, urealistisk visjon.

Byplanlegging og -utvikling har mange utopiske sider. Arkitektar, planleggarar og politikarar har alle idear for den gode by. Prosjekt som «Ny by–ny flyplass» triggar slike visjonar, og trekker til seg arkitektar, investorar og politikarar. Mammon og marknadstenking blir sparra med sosialistar, miljøvernarar og teknologar med ulike syn på utopien om framtidsbyen, ofte prega av eigne verdisett.

Kva kan vi så seie om byutviklinga til Bodø så langt, og kva utopiar har prega byen? Til å begynne med voks byen bak hamna, det som var byens puls nesten heilt fram til 1970-talet. Standarden på husa i den tette trehusbyen ved hamna var avhengig av lommeboka til utbyggjaren. Følgeleg vart sanitærforholda og standard variabel. Få hadde innlagt vatn, bad eller WC, noko som først kom utover 1900-talet. Likevel var det først med den nye gjenreiste etterkrigsbyen, vi såg ei større standardheving med innlagt vatn og elektrisitet.

Etter det vart byen utvikla med tanke på bilbruk, og støyen frå flya flytta hus og folk innover landet, der utopien vidareførte draumen om «hagebyen» - huset med hage rundt. Mange fann draumen på Hunstad og Mørkved, langt unna jobb og handel, noko vi løyste i løpet av 1970-talet ved at bilen vart allemannseige. Som i ein amerikansk byutopi fekk hustanden eit par bilar, garasje og bilen vart brukt til å ta seg til jobb, butikkar, skitur og kultur. Nærbutikkane vart erstatta av kjøpesenter, slik at ingen lengre gjekk, sparka eller sykla til butikken. Byen baserte seg på bilbruk. Utopien om forstaden førte folk ut av dei urbane bydelane og inn i eit eige univers - «suburbia» - som verken var urbant eller ruralt. Det kravde plass, og kombinert med utopien om jordvern og plass til friluftsliv vart byen mindre rasjonell, og meir og meir plasskrevjande. Vegar vart fleir og fleir og betre og betre, og bilen meir utbreidd. I forstaden kvila ein ut etter jobb, for så å stå i kø inn og ut av bysentrum to gangar dagleg, år ut og år inn.

Til og med det nokså nye bysentrum, planlagt for bilbruk i 1940-åra, klarte ikkje å svelgje unna auka bilbruk utover 1990- og 2000-talet. Sterke aktørar hadde dessutan erobringsutopiar for folks masseforbruk og ivra for å etablere eit nytt sentrum utafor byen. City Nord – utopien om kjøpesenterbyen - fremma meir bilbruk. Mens planleggarane kalla det «avlastningssentrum» var det i realiteten «ny by–ny parkeringsplass». Så på 2000-talet slo nye miljø-utopiar om null-utslepp inn. Bilbruk ga støy og støv, og NOx og CO2 truga kloden. Parkeringsplassar vart fjerna og gjort dyrare i sentrum bak hamna. Der var bilen uønskt, men rundt byen auka trafikken i den nye forbruksutopien i kjøpesenterlandet.

Byutvikling var no gradvis styrt av private, mot før av folkevalde organ, som knapt nok bryr seg om rammene lenger. Selskap, investorar og bedrifter tok over deltaljplanlegginga og gamle utopiar for den gode byen vart erstatta av ein profittutopi. Kor trangt og høgt kunne ein bygge, og kva lønte seg mest? Eigedomsinvestorane vart fleire og rikare, mens folk elles realiserte sine utopiar via bankgjeld. Ein sosial bustadpolitikken vart lagt daud. Marknaden styrte, også i dei før så sosiale borettslaga. Der kommunen før kjøpte eigedom og husbygging var nøkternt og finansiert gjennom «Husbanken», vart den no styrt av profittmaksimering frå investorar. Resultatet let ikkje vente på seg. Prisane steig, og eigedomsmeklarane toppa rikinglista i avisa kvart år. Draumen om eige hus var blitt ein uoppnåeleg utopi. Den ultimate profittmaksimeringa skjer via eigedomsutvikling, ikkje produksjon.

Når no nytt land nær det gamle sentrum blir ledig, blinkande som «Soria Moria slott», skjer det i ei tid med profittstyrt eigedomsutvikling i eit privatisert planregime med minimal politisk styring. Ikkje alle gler seg like mye over det. Blir bydelen tumleplass for investorar, spør den kritiske pessimisten. Andre har ein utopi om ein bydel med berekraft, nullutslepp, og framtidsretta teknologi. Tida vil vise kva visjon som vinn. Blir det den politisk styrte eller marknadsstyrte utopien?

Kommentarer til denne saken