Gå til sidens hovedinnhold

Brøyting og berekraftsbullshit

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Gang- og sykkelbrua over riksvegen på Mørkved blir konsekvent ikkje brøyta. På ein dag som måndag – med eit solid snøfall i løp av natta – er dette knutepunktet for kollektivtrafikken nokså uframkommeleg.

På oppsida av brua ligg store utdanningsinstitusjonar og arbeidsplassar som Nord universitet, Bodin videregående skole og Politihøgskolen. Dessutan er der skular, barnehagar og daglegvareforretningar. Alle som kjem med tog, buss, til fots eller på sykkel frå nedsida av riksvegen er avhengig av å nytta brua. Det er snakk om mange menneske kvar einaste dag.

Likevel blir ikkje snøen rydda verken oppå brua eller dei 30 siste metrane av gang- og sykkelstien fram til brua. Ofte blir heller ikkje gangstien ned til togstasjonen brøyta. I mange tilfelle blir faktisk tilkomsten til brua sperra av ein brøytekant, i det brøytebilen har passert og lagt igjen snøen der.

Folk strevar seg gjennom snøen i morgonrushet. Medan dei første vassar i snø, blir det etter kvart ein liten sti midt på gang- og sykkelstien. Dersom ein kjem til fots og er normalt god til beins kjem ein seg fram på eit vis. Men for dei av oss som kjem med barnevogn eller sykkelvogn er det heilt uframkommeleg. Midt på brua, der det er tredekke i stadenfor rist, blir det nemleg liggande ein hardtråkka haug med snø. Ein kjem seg ikkje forbi med vogn eller sykkelvogn på verken den eine eller den andre sida. For ikkje å snakka om dei av oss som nyttar hjelpemidlar som rullestol eller rullator. Anten må ein ha ein bil å ty til, elles blir ein sittande fast på vegen, eller heime.

I Bodø kommunes «Klima- og energiplan 2019-2031» les eg at Bodø skal vera ein «smart, grønn fremtidsby». Ein skal redusera klimagassutsleppa og personbiltrafikken, og målet er at 25% av trafikken skal skje med sykkel innan 4 år. Kommunen skal sørgja føre at transportløysingar og infrastruktur er i tråd med desse måla, står det i planen. Kommuneplanens samfunnsdel 2021-2033 går ned same gate. Her står FNs 17 mål om berekraftig utvikling i sentrum; klimafotavtrykket skal reduserast og det skal leggjast til rette for gode liv for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Byen skal vera grøn, smart og inkluderande, står det.

Eg bur i Mørkvedbukta og har jobben og barnehagen på oppsida av riksvegen. Me syklar kvar dag, først til barnehagen og så på jobb. Det er snakk om ein kort distanse. Det er lettvint og kjekt å sykla, og med elsykkel er det ingen sak med tung last. Men manglande brøyting pressar oss av sykkelen og over i bilen.

Dersom privatbilismen skal ned og sykkeltransporten opp, må dei av oss som køyrer eller vurderer å køyra heller ta sykkelen eller beina fatt. Infrastruktur som presser folk over i bil er verken smart, grøn eller berekraftig. Det er heller ikkje særleg inkluderande. Blant dei av oss som nyttar kollektivtilbodet i Bodø er det mange ungdommar under 18, innvandrarar utan norsk sertifikat og eldre kvinner som ikkje køyrer bil. For dei av oss som nyttar rullestol eller rullator kan det vera beint fram umogleg å koma seg ut om vinteren fordi brøyting av fortaua ikkje blir prioritert.

Kollektivknutepunktet på Mørkved er eitt døme, og der er mange andre. Ferdes du på sykkel er det tydeleg at bilen er utgangspunktet for planlegging av vegar og nye byggefelt. Kvifor er det slik, når alle visjonar og kommuneplanar seier at ein vil noko anna? I «Barrierer mot en mer bærekraftig mobilitet» har forskarar ved Nordlandsforskning undersøkt dette spørsmålet. Dei peikar på at planarbeidet i Bodø har ein sterk tradisjon for å prioritera bilen, og at det i praksis er vanskeleg å få finansiering til drift av kollektivtransport og gang- og sykkelstiar. Eit dagsaktuelt døme er føreliggande forslag til kutt i nettopp brøyting av sykkelvegane i byen. Rapporten frå Nordlandsforskning syner også at det er mogleg å gjera ting på ein annan måte. Trondheim kommune har vist dette i måten dei har vald å prioritera og planleggja for miljø og berekraftig mobilitet.

I Bodø kommune sine planar er det den nye bydelen, som skal byggjast når flyplassen er flytta, som blir trekt fram når ein skriv om berekraftig transport og infrastruktur. Men i skuggen av desse festtalane og framtidsvisjonane er det heilt andre prinsipp som gjeld på Mørkved. Så lenge bilen skal fram og me andre skal stå fast, er dei fine orda og dei flotte planane ikkje anna enn berekraftsbullshit.

Til slutt har eg to oppfordringar til kommunens administrasjon og politikarar: For det første etterlyser eg svar på dei meldingane eg har sendt om manglande brøyting. Svar gjerne både på e-brevet og her i avisa, ettersom saka er av prinsipiell tyding og har allmenn interesse. For det andre, kan ikkje nokon med makt og ansvar berre ordna opp og sørgja føre at kollektivknutepunktet blir brøyta, slik at vanlege folk kan koma seg til og frå buss, tog, skule og jobb?

Kommentarer til denne saken