I oktober 2022 har vi hatt aviser i Bodø i 160 år. Dei har vore viktig for å ha eit opplyst offentleg ordskifte i tillegg til å sikre ytringsfridom og pressefridom. Dei representerte også ulike politiske strøymingar og miljø. Nordlands Fremtid var arbeidarpartiorgan, mens Nordlandsposten var bladet for høgrefolk og konservative. Bladet Nordland hadde eksistert som Venstre-avis sidan 1894, men endra retning i 1934 til eit Bondeparti-organ. Krigen og Nazi-Tysklands okkupasjon 10. juni 1940 endra pressa på dramatisk vis særleg for pressa og ytringsfridomen.

Det var uvisst korleis den tyske okkupanten ville opptre sommaren 1940, men 25. september proklamerte Joseph Terboven «nyordninga» av samfunnet. Berre det politiske partiet Nasjonal Samling (NS) vart lovleg, og kommunevalet som skulle vore hausten 1940 vart utsett. På nyåret i 1941 fekk så norske kommunar utpeikt ein ordførar av eit NS-kontrollert departement. Dei fleste var med i NS, med unntak av der slike ikkje fanst, eller der lokale NS-folk var lite eigna for vervet. Prosessen vart tolka som signal om ein meir totalitær, udemokratisk eittpartistat, styrt av eit nasjonalt naziparti.

For pressa var det verre. Meiningsmangfald og demokrati var sett som ineffektivt. To organ for pressekontroll vart oppretta, eit tysk styrt og eit norsk, styrt av eit nytt Kultur- og Folkeopplysningsdepartement, med NS-mannen Gulbrand Lunde i tet. Under han kom det eit pressedirektorat og kvart fylke fekk ein «presseleder» – ein sensor – som overvaka og kontrollerte. Dei dreiv «etterkontroll» og såg til at avisene representerte «den nye tid». Om ein redaktør avveik frå det, fekk han påtale, og i verste fall kunne enkeltnummer bli stoppa. I verre tilfelle kunne redaktørar bli avsett og aviser lagt ned. Det var vanleg praksis å kalle redaktørar inn på teppet, eller å «rasjonere» papiret og å tildele det beste teknisk utstyret til dei mest velvillige.

Det var under dette regimet Nordlands Fremtid la ned sommaren 1940. Valet var enkelt all den tid redaksjonslokala i Folkets Hus var brannskadd, og at den tyske marinen overtok Folkets Hus deretter. Redaktør Braseth livnærte seg derfor som anleggsarbeidar under krigen, mens redaksjonssekretær Oddleif Tolås drog til England via Sverige då det brann under føtene hans i 1941. Nordlandspostens lagnad skal vi sjå nærmare på neste gang.

Bladet Nordlands redaktør Alfred Syverud utnytta derimot den nye situasjonen. Han valte å slutte seg til den tyske okkupantens og NS’ nyordning i slutten av september, ved å kritisere kongefamilien og Nygaardsvolds flukt til England. Han argumenterte for ei dansk løysing, der regjering og konge vart verande og samarbeidde med okkupanten. Av taktiske grunnar kalla Syverud Nordland eit organ for «Nordland Bondelag», sjølv om det de facto var ei NS-avis.

Reaksjonane let ikkje vente på seg. Ein etter ein fall abonnentane frå, og annonsetilgangen stoppa opp. Underskot førte til vanskar for det Syverud kalla landsdelens første og einaste NS-organ. Heller ikkje utsending av gratisaviser hjelpte. Så mange som 10 % av avisene kom i retur. Eit døme på kva responsen frå Syveruds abonnentar kom i brevs form frå Petter Løkås i Valnesfjord i august 1940. Syverud trengte ikkje å krype for okkupanten, skreiv Løkås, og la til: «Stands avisen til mig straks».

Den nye mediepolitikken førte til at mange aviser la ned. Det stod alltid nokon å kikka dei over skuldra, og etter kvart mangla dei øvde pressefolk til drifta som oppfylte NS-kravet om politisk lojalitet. Syverud vart for eksempel både presseleiar i Nordland og redaktør i bladet Nordland fram til 1942. Då overtok han landsdelens største avis Lofotposten i Svolvær, der det mangla NS-folk etter Lofotraidet i 1941. Harald Hestvik overtok redaktørjobben i Nordland, og fekk ansvar for å avvikle den nær 50 år gamle Bodø-avisa, som la inn årene våren 1943. Då var tyske styresmakter og NS lei av å bere havre til ein daud hest.

Syverud skjøtta framleis ivrig pressekontrollen i fylket, no frå Svolvær, men med frigjøringa og oppgjøret våren 1945, måtte han stå til ansvar for sine handlingar etter «landssvikanordninga». Retten la vekt på at han hadde hatt «en nøkkelstilling av stor betydning for nazifiseringen av pressen» og at han hadde vist «stor aktivitet i propagandaen», der han hadde utøvd «grov og vedvarende tvang» mot alle avisene i fylket som såkalla «presseleder». Han hadde ivrig sørga for at avisene tok inn tilsendt propaganda, og plasserte dette slik det var gitt ordre om. Han hadde hindra at aviser vart utgitt og at redaktørar eller journalistar vart skifta ut, eller at avvik vart rapportert. Handlingane hans vart straffa med 10 års tvangsarbeid og 10 års tap av statsborgarlege rettar. Verst var det likevel for bladet Nordland, som på grunn av Syveruds val aldri kom på fote igjen.

Pressefridom har tradisjonelt vore eit viktig vilkår for å demokrati og ytringsfridom, men ein ser at det også har vore forsøkt med tiltak overfor norsk presse som ein også har sett brukt i land ein ikkje vil samanliknast med. Med enkle grep kan ein snevre inn meiningsmangfald og eit offentleg ordskifte. Lukka var at det ikkje skulle vare alt for lenge. Nordlandspostens manøvrering i eit vanskeleg landskap er gjenstand denne kronikken:

Les også

«En avis må vi ha»