Gå til sidens hovedinnhold

Både gutar og jenter må få mest mogeleg fridom til å bevege seg slik dei vil

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Både gutar og jenter må få mest mogeleg fridom til å bevege seg slik dei vil. Vi viser til kommentaren «Vi skal alle få være den vi er. Bortsett fra guttene,» av journalist Anne Grenersen, publisert i Avisa Nordland 10. desember. Det er bra med interesse og engasjement rundt eit viktig tema og forskingsarbeid som betyr mykje for mange. I kommentaren opplever vi nok at Grenersen i stor grad forenklar forskinga vår. Det kan av og til fungere bra og gi tydelege poeng og overskrifter, men ting kan ofte bli unyansert, på overflata og tatt ut av ein samanheng. Det meiner vi er tilfelle her. Difor ønsker vi å utdjupe meir av forskingsarbeidet vårt. Barns moglegheiter til bevegelse, utfalding og samspel i barnehagen er eit tema som fortener plass og merksemd i det offentlege ordskiftet. Det er eit viktig kunnskaps- og forskingsfelt som er i god vekst og utvikling, og som i eit større bilete handlar om barns oppvekstvilkår, god utdanning, folkehelse og livskvalitet.

Eitt av trekka vi finn i forskingsarbeidet vårt, som på ingen måte er revolusjonerande, er at jenter og gutar verkar å ha noko ulike moglegheiter til bevegelse og utfalding i barnehagen. Det må vi som vaksne vere meir merksame på. Ikkje minst i barnehagen, men óg etter kvart i skulekvardagen. Vi veit gjennom anna forsking at vi vaksne alt frå barna er små har ulike forventningar til korleis gutar og jenter skal bevege seg.

Dermed set vi også ulike umedvite grensar for kva barna våre kan gjere i leiken. Det grunnleggjande er at vi må gje alle barna likeverdige moglegheiter til deltaking. Det betyr ikkje at barna skal bevege seg likt, men at alle skal få moglegheiter til å utforske sin særeigne måte å bevege seg på. Men sjølvsagt i tråd med det som er grunnleggande for all leik: at det skal vere ein engasjerande aktivitet som er fritt valt av barna.

I forskinga vår peiker vi på at vi som vaksne må prioritere den frie leiken annleis. Vi må ha innsikt og kunnskap om kva som faktisk skjer i leiken, og vi må forstå vår eiga rolle i den. Samstundes hevar vi fram viktigheita av å gje barna tid og fridom til å fordjupe seg i leik. Derfor er vi opptekne av at vi ikkje skal gå i den fella at vi seier at den eine måten å leike og bevege seg på er riktigare enn den andre. Vi må erkjenne desse skilnadene og tenke klokt rundt dei. Det at vi alle bevegar oss på vår særeigne måte er noko vi skal ta vare på og dyrke. Det er altfor mange barn og unge i dag som ikkje tykkjer at dei er gode nok, eller opplever at dei gjer ting på «rett» måte. Difor er det interessant og viktig å utforska korleis leikeplassen, det utstyret vi rår over og kompetanse er med på å legge til rette for god fysisk aktiv leik og kroppslege utfordringar for båe kjønn.

Hovudpoenget i forskinga vår er at alle barn må få gode moglegheiter til å klatre, kaste ball, springe, hoppe og utfordre eigne kroppslege grenser når dei leikar. Dei skal få lov til å vere seg sjølve, bevege seg slik dei ynskjer og fordjupe seg i det som interesserer dei. Og; gutar skal få vere gutar og jenter skal få vere jenter. Sjølvsagt.

Kommentarer til denne saken